Han må filme gaupa – før kulene tek henne

Jostein Hellevik la ned jaktbørsa og væpna seg med kamera.

Januar 2019.

Jostein følgjer spora i bratthenget, høgt i fjellsida over Dalen i Telemark. Han er kamuflert i kvit jakke, kikerten heng over brystet, på innsida hamrar hjartet stadig fortare.

Kan rovdyret vere i nærleiken?

Med skarpt blikk og mildt drag i andletet er 59 år gamle Jostein Hellevik på eit altoppslukande oppdrag.

Eit møte med gaupa er det aller største.

Ho er som den uoppnåelege dama – i beste fall flyktige flørten.

Gaupa er svært sky, nattaktiv og nesten umogleg å oppdage i naturen. Større utfordring får nesten ikkje Jostein som fotograf.

Målet hans er å fange henne med kamera minst ein gong i året.

Andre har lyst til å skyte kattedyret.

Kvotejakt på gaupa er lovleg i Noreg, sjølv om ho er raudlista, som «sterkt trua».

Jostein veit korleis ein jeger tenkjer, for han var sjølv ein jeger av den skummelt treffsikre sorten.

Som innflyttar til Dalen var han med å jakte gaupe - ein kort periode.

Han tar seg fram med stavar til fots i snøen.

Spora han følgjer er runde framme og smalare bak.

Fotobonden - Gaupespor

Det er typiske gaupespor, fastslår han. Samstundes ser han trugespor.

– Då er eg ikkje åleine, tenkjer Jostein.

Han trur jegerane er ute for å spore gaupa før jaktstart om to dagar. Snart får han konkurranse med jegerane.

Det hastar for Jostein å finne henne, før nokon sender blykulene i det vakraste dyret han veit om. Og ei jaga gaupe blir vanskeligare å fange med kamera.

Det er kamera mot jaktbørse.

I eit kappløp om gaupa.

Døden lærte han livet

– Eg såg tidleg mykje død, seier Jostein.

Han var ti år gamal og på veg til å sparke fotball, då han møtte bestekompisen heime i Tananger.

– Vil du vere med, spurde Jostein.

Kameraten måtte heimom ein tur først og svinga sykkelen over vegen. Då kom ein gamal Volvo og meia han ned. Rett framfor Jostein. Nokre år seinare døydde enda ein kamerat i trafikken.

Jostein var skilsmissebarn og vaks opp med mora. Før tenåra var omme, mista han henne i kreft.

Han bestemde seg for å leve som om livet kunne vere over bak neste sving.

– Eg skulle gje full gass heile vegen.

Jostein lova seg sjølv å ha det godt. Han skulle til ei kvar tid gjere det han hadde mest lyst til. Ikkje halvvegs, men hundre prosent.

Allereie som gutunge hadde naturinteressa tatt fyr.

TV-helten viste veg

Han sat klistra framfor skjermen under Sverre M. Fjelstad sine naturprogram på NRK.

Sverre M. Fjelstad
Foto: Ivar Aaserud / NTB scanpix

Jostein begynte å brevveksle med TV-helten, som viste guten vegen til hjartet av norsk natur.

Han drog på fisketurar åleine og kom heim med storfangst. I fjellet hadde ungguten nase som ein hund. Han var oppslukt av revespor, hare og rype.

– Eg kjenner godt kor drivkrafta kjem frå, seier Jostein.

Å stemple inn til A4-livet blei ikkje hans veg.

Dragninga mot villmarka var for sterk.

Jegerlivet

Jostein dreiv stort som hundeoppdrettar med kennel på Jæren. Han og sambuaren Maj-Lena Knudsen kursa, dreiv med dressur og saueavvenning.

Friluftsmannen sanka premiar i tusentalet for jakthundane sine. Han likte å jakte i fjellet saman med dei blodtrimma hundane.

Han skaut fleire tusen ryper, stokkender, langt over hundre rådyr, reinsdyr og elg. Nær alt av vilt.

Jostein Hellevik da han var jeger, før han ble fotobonde

JEGER: – Eg var supereffektiv, seier Jostein.

Foto: Privat

Han jakta mest for pengane si skuld. Viltet selde han til restaurantar. Jostein beskriv seg sjølv som ei jaktmaskin.

– Eg var crazy og elska jegerlivet.

Han og sambuaren opplevde ein ustanseleg straum av folk, som søkte råd og hjelp til hundane sine. Gjekk han ein fjelltur, venta 50 ubesvarte tilrop på mobilen.

Han klarte ikkje å svelge unna og gjekk med konstant dårleg samvit.

– Vi er glade i hundar, men ikkje så glade i folk, seier Jostein.

Det er nær 14 år sidan dei braut opp frå alt.

Draumen

Huset på Jæren var akkurat nyoppussa. Kjøkenet til 150.000 kroner sto ferdig. Då la ein meglar eit nytt prospekt på bordet, Døli gard.

Garden han viste låg opp i ei bratt fjellside i Telemark. Tett inn til skogen og villmarka i naturkommunen Tokke. Dei var selt. No kunne dei flytte langt frå folk, stress og mas.

Jostein hadde lengta etter fjellet sidan gutedagane og drøymt om ein slik gard. Sambuaren Maj-Lena frå Finnmark sakna skikkeleg vinter og var meir enn klar for å flytte frå striregnet på Vestlandet.

Dette var sjansen til å reise på hytteturen som aldri ville ta slutt.

Forvandlinga

Jostein kunne leve den fullkomne villmarksdraumen, tett på rovdyr og med klangen av læremeister Sverre M. Fjelstad på øyret. Det lokka som eit lykkeland. Her etablerte dei Dalen Villmarkssenter .

Jostein fekk drevne naturfotografar til gards.

Jegererfaringa gjorde at han visste korleis han skulle nærme seg dyr og fuglar for kreative og unike blinkskot .

Fotobonden Jostein Hellevik

Han laga fotoskjul og loste proffane til dei beste plassane for å ta bilete. Dei gode tilhøva har lokka både BBC og National Geographic til gards for å lage store produksjonar med kongeørna fra Tokke.

Jostein fotograferte sjølv òg, men brukte lenge berre autoknappen. Ein proff sa til han:

– Eg skal lære deg å ta bilete.

Jegeren mjukna der fotografen vaks fram i han. Der han før løfta hagla bak bergskrenten, stakk han no forsiktig fram ei kameralinse.

Han hadde for lengst passert alderen mora fekk på jorda, 45, og priste seg lykkeleg for kvar ekstra dag og år han kunne krysse av.

Mot 50-åra blei han kjenslevar og reflekterte meir over livet - og døden - som han støytte så hardt på som gutunge.

Han tenkte på dyr og fuglar han skaut. Dei hadde òg sitt å streve med.

– Alle har rett på livet sitt, seier Jostein.

Innflyttaren trekte seg fort frå det lokale gaupejaktlaget. Han følte seg framand der.

Ein augneblink med kamera for om lag ti år sidan blei definerande for kven Jostein ville vere vidare. Han fekk ein orrhane i linsa. Det sa klikk i staden for pang.

Han såg fuglen fyke vidare der han tidligare låg att i fjør, blod og krutlukt.

I staden for å trampe til neste bytte, kunne han liste seg attende og ta eit nytt, flottare bilete og nyte augneblinken endå ein gong.

– Det var ei god kjensle å gjenoppleve fuglen fyke. Eg brukte ikkje bråkete jaktvåpen, men skaut han likevel. Jakta var ein prestasjon. Å ta eit bilete var òg ein prestasjon.

Jegeren blei fotobonde med ein ny misjon:

Å formidle verdien av naturen og rovdyra gjennom spektakulære bilete.

Han var fengsla av skjønnheitene og outsiderane i naturen.

Livreddaren

Som jeger tok han tusenar av dyreliv, no kan han redde taparar i villmarka. Som «Pjusken», ei stakkarsleg kongeørn han følgde i seks år.

Ørnen "Pjusken"

PJUSKEN: Ørna som fekk hjelp.

Foto: Jostein Hellevik

«Pjusken» sto sist i matkøen, til og med ravnen jaga han. Dei svakaste skal vekk. Sånn er naturen.

– Men eg syntest så synd på ørna, seier Jostein.

Han fora «Pjusken» tungt, heilt til kongeørna stifta familie.

Jostein laga til slutt bok om «Pjusken», og han er ein gong kåra til den beste naturfotografen i Norden med eit blinkskot av ei fiskeørn.

Ørn tar fisk

PREMIEBILETET: Årets naturfotograf 2018.

Foto: Jostein Hellevik / Jostein Hellevik

– Å ta bilete av ørn er vanskelig, og eg elskar det som er vanskelig, seier Jostein.

Som å kunne fange gaupa med kamera.

Er gaupa allereie skoten?

Mars 2019.

Jostein har knapt sove siste natta. Han dirrar av spenning kvar gong han sjekkar om viltkamera i skogen har fanga opp gaupa.

– Tenk om ho er der no!

Jostein har eit todelt forhold til viltkamera.

– Rovdyrjegerane brukar viltkamera i så stor skala at rovdyra ikkje har ein nubbesjanse til å unnsleppe, meiner han.

Spørsmålet er om gaupa allereie er skoten?

Jostein tenkjer tilbake på første gongen han greidde å ta eit gaupebilete. Det var ein augustdag nokre år attende i tid. Ho overraska han.

Han sto i eit av fotoskjula og skulle ta bilete av symjande ekorn. Han bytta linse og høyrde ein svarttrast, eit varselskrik. Hauk på ferde, tenkte Jostein.

Men der kom ho labbande rett mot han, stogga på kanten av bekken.

Han sat kamuflert i skjulet, fire meter unna, stiv av spenning.

Idet ho vende blikket og stira rett mot han, fyrte han laus.

Klikk! Den mekaniske lyden frå kamera fekk gaupa til å glane mot han i eitt minutt, han tok eit par bilete til, før ho tusla vekk.

Han samla seg og sjekka kamera.

Skarpe bilete! Det var knapt til å tru. Heile kroppen begynte å riste. I ei blanding av brusande lykke og vantru. Han skalv då han skreiv til bestekompisen:

«Eg har fått gaupa.»

Gaupe i skogen

SKJØNNHEITA: Han forelska seg i gaupa.

Foto: Jostein Hellevik

– Det er den største naturopplevinga eg har hatt, seier han.

Medan mars 2019 går mot slutten, er det er denne lykkerusen han jaktar igjen.

Han dreg ut minnekortet frå viltkameraet. Det er tomt for gaupe. Jostein er ikkje skuffa, men beundrar kor listig ho er.

Gaupa har klart å drepe fire rådyr, utan å krysse framfor kamera. Hjortedyra er det beste ho veit. Men gaupa tar sau òg. Berre jerven tar fleire enn gaupa.

Ho er lynrask, spenstig og den mest effektive jegeren i den norske skogen - berre slått av mennesket.

– Noreg er i verdsklasse når det gjeld å kvitte seg med rovdyr, meiner Jostein.

Norske gauper lever farleg og vil alltid vere trua med bestandsmåla som er i dag. Rovdata berekna at vi hadde 323 gauper i Noreg før kvotejakta i 2019.

Talet på familiegrupper har lege under det nasjonale målet på 65 familiegrupper i fleire år.

Gaupa kan bli 17 år i vill tilstand, men lever i snitt berre fire-fem år i norsk natur. Kvotejakt, illegal jakt, bildød og skabb er mellom dødsårsakene.

Han tømer innkjøpt gaupepiss frå Amerika på treet foran viltkameraet. I håp om at det lokkar gaupa hans veg.

– Å få bilete av gaupa, er som ein lottogevinst, seier fotobonden.

Han vil høyre paringsropet, forevige henne på friarferd. Vinter går mot vår, og han er framleis utan gaupe på kameraet dette året.

Frå lidenskap og galskap

Fotobonden strekkjer seg grenselaust når han fangar dei unike augneblinkane. Som då han ville filme fiskeørna, idet ho stupte ned for å ta fisk på ein meters djup.

Han kledde på seg bleie, tok med niste og kamuflerte seg i eit flytande fotoskjul. Vanlegvis ligg han under vatn til han startar å skjelve. Ein gong låg han i alt 17 timar.

Jostein skalv så ringane spreidde seg frå fotoskjulet og langt ut i vatnet. Han blei så nedkjølt og omtåka at han ikkje visste kor han var.

Det var såvidt han klarte å ta seg til land.

– Om du veg lidenskap mot galskap, er eg på feil side, seier Jostein.

Men galskapen lønte seg til slutt.

– Den krafta og energien til fiskeørna er noko av det sjukaste eg har opplevd, seier Jostein

Han klarte å filme det perfekte stupet.

Ikkje alle i naturkommunen Tokke deler lidenskapen.

Ei oppskjørta dame ringte til fotobonden og varsla om ei hovudlaus ørn.

– Kroknebb skal vekk

Jostein fann den freda rovfuglen i ei ur. Der låg havørna utan hovud, berre to år gamal, saman med knuste flasker og søppel. Han kjende henne att, siden han sjølv hadde fotografert ørna, og følte på sinne, sorg og avsky.

Jostein Hellevik med hodeløs ørn

HOVUDLAUS: –Hovudet var fjerna, seier Jostein.

Fotobonden ytra seg på Facebook og stilte opp på bilete i lokalavisa med den hovudlause havørna. Då var levenet laus. Han blei skjelt ut i meldingar.

– Eg fekk høyre kva for ein idiot eg er. Eg blei den store, stygge ulven.

Fotobonden meinte rovfuglen kunne blitt ein turistattraksjon.

– Det finst eit enormt rovvilthat der ute. Tonen er at kroknebb skal vekk, meiner han.

– Det største rovdyret

Våren 2019.

Fotobonden ser på minnebrikker frå viltkamera igjen. Det han ser utløyser ein inderleg latter. Gaupa har latt seg lokke av tisset.

– Det er ikkje mange gauper i Noreg, og så kom ho etter alle desse nedturane og skreiv namnet sitt der, seier han.

Han studerer bileta og ser ein kul på gaupa sin mage. Jostein bestemmer seg for å skrive til Sverre M. Fjelstad igjen, om lag 50 år etter at han sist brevveksla med TV-helten sin.

Han skriv om møtet med gaupa:

«Det er ei slags innvendig lykke som boblar i magen for alltid. Men det at ho ber med seg eit nytt liv, inn i denne merkelege verda med rovdyrhat og mennesket sin hissige kamp for å overstyre naturen, gjer at gleda berre blir halv, den andre halvparten er djup sorg. Sorg over at ei susande blykule treff dei unge gaupekroppane …»

Fotobonden legg til:

«Det herskar ingen tvil om kven som er det største rovdyret.»

Jostein må bruke en kamuflert, spesialbygget flåte for å ta det perfekte bilde av en fiskeørn på jakt, men ender opp med å ligge utallige timer i vente på det rette øyeblikket.

Jostein må bruke en kamuflert, spesialbygget flåte for å ta det perfekte bilde av en fiskeørn på jakt, men ender opp med å ligge utallige timer i vente på det rette øyeblikket.