Sidan 2002 har tyske forskarar systematisk fotografert havbotnen i Framstredet mellom Grønland og Svalbard.
Når dei studerer bileta tatt på 2500 meters djup, i eit av dei meir aude områda på planeten, er det ein ting det vert meir av år får år: Plast.
– Me hadde ikkje venta å finna så store mengder. Arktis har eit stort miljøproblem, seier forskar ved Alfred Wegener instituttet Mine Tekman til NRK.
PLAST PÅ HAVBOTNEN: Dømer på kva forskarane har fotografert på 2500 meters djupne i Framstredet.
Foto: MELANIE BERGMANN / OFOSNyleg vart resultata for perioden 2002 til 2014 publisert. Konklusjon: Problemet aukar kraftig og forsøplinga trekkjer seg stadig lenger nordover.
I 2014 fann forskarane 6566 plastobjekt per kvadratkilometer. Ein vekst på meir enn 50 prosent sidan 2002.
– Plastmengdene aukar. På same tid ser me at plastbitane vert stykka opp i fleire og mindre delar, seier Tekman.
FRAMSTREDET: Området mellom Svalbard og Grønland er møteplass for fleire av dei store havstraumane mellom verdshava.
Foto: Sebastian Gerland / Norsk PolarinstituttLike mykje som ved europeiske storbyar
Trass relativt liten menneskeleg aktivitet i området, er mengdene plast like store som i langt meir folkerike område. Plastmengdene tilsvarar det forskarar tidlegare har funne i dei djupe havområda like utanfor storbyen Lisboa i Portugal.
Undersøkingar i Indiahavet, eit av områda der forskarane meiner det vert slept mest plast ut i havet, er langt lågare.
Tekman meiner det kan vera fleire forklaringar på at dei finn så mykje marint søppel i Arktis. Framstredet er møteplass for fleire av dei store havstraumane, og den einaste djupe tilknytinga mellom Polhavet og dei andre verdshava.
– Me ser at skipstrafikken i området aukar, samtidig som forskarar nyleg har peikt på at marint søppel vert transportert frå Europa til Arktis, seier den tyske forskaren.
70 prosent hamnar på havbotnen
UROA: Forskar ved Norsk Polarinstitutt Geir Wing Gabrielsen har brukt mykje tid på å studere konsekvensane av marin forsøpling på Svalbard.
Foto: Guro Tarjem / NRK– Mengdene ein ser på havbotnen i Arktis overraskar veldig. Men det er jo ein naturleg samanheng med at me finn stadig meir på strendene på Svalbard, seier seniorforskar ved Norsk Polarinstitutt Geir Wing Gabrielsen.
Kvart minutt hamnar om lag 15 tonn plast i havet, viser amerikansk forsking. Forskarane meiner at om lag 70 prosent endar opp på havbotnen.
Også funna på strendene tyder på at ein stor del av avfallet kjem frå Nord-Europa.
– Brorparten stammar frå landa som ligg langs atlanterhavstraumen. I tillegg at ein finn meir og meir mikroplast i drivisen, og at plast som har vore lenge i isen hamnar i havet når isen smeltar, seier Wing Gabrielsen.
Konsekvensane er òg dokumentert. 1988 fann forskarane plast i magen på kvar tiande havhest. I dag finn ein plast i nesten 90 prosent av dei undersøkte havhestane.
KONDOM I MAGEN: Forskar frå Norsk institutt for naturforsking viser fram plastfunn i magen på ein havhest.
Foto: Norsk institutt for naturforskning (NINA)– Må endra vanar
Mina Tekman meiner plastforureininga i Arktis krev at verdssamfunnet raskt endrar forbruksvanar.
– Me må få kontroll på plastforbruket, og redusera bruken av plast som eingongsemballasje til eit minimum, seier den tyske forskaren.