Hopp til innhold

Anna (23) er måldronning i Toppserien – og jobbar natt som politi: – Heftig

Anna Aahjem (23) har ein litt annan kvardag enn dei fleste. Ho er ikkje berre ei viktig brikke i Lyns angrepsledd: Ho er også ein del av politiet.

Anna Aahjem

FULL KONTROLL: Anna Aahjem patruljerer både framfor målet til motstandaren og ute i gatene.

Foto: Terje Haugnes / NRK

– Det krev ein del, for eg må vere veldig påskrudd, både på jobb og med fotballen. Så det blir ein del arbeid. Det har vore eit hektisk år, men eg kjenner det har gått over all forventning, seier Anna Aahjem.

Ho har bytt ut den raude og kvite Lyn-drakta med svart politiuniform når NRK møter henne i Sandvika. Smilet sit laust hos 23-åringen, som stortrivst både på og utanfor banen.

Ho studerer til å bli politi og er for tida i praksis, samtidig som ho er spiss i toppserieklubben Lyn. Aahjem har skåra åtte av Lyns ti mål denne sesongen.

Vålerengas Karina Sævik er den einaste i ligaen med like mange fulltreffarar, men ho har spelt éin kamp meir.

– Det har vore bra flyt i det siste og det har vore ekstremt gøy, seier Aahjem.

Toppserien, Lyn - Brann (1-2)

I STORSLAG: Anna Aahjem jublar etter 1-0-skåring mot Brann tidlegare i år. Lyn tapte kampen 1–2.

Foto: Alf Simensen / NTB

Aahjem har eit målsnitt på eit mål per kamp. Sjølv om lange dagar – og netter – tærer på.

Ho er absolutt per no ein av dei beste spelarane i Toppserien, seier NRKs fotballekspert Carl-Erik Torp.

Han skryter stort av spissen.

Ho har teke steg år for år no. Spesielt dei siste tre åra. Ho blir råare for kvart år. Endå skarpare, endå betre i timing på rørslene og endå meir kvassare i avslutningane. Ho byrjar å få ein veldig bra totalpakke.

Frå nattevakt til trening

Det er nemleg ikkje berre berre å vere praktikant i politiet og toppidrettsutøvar. Ho er i turnus, og jobbar derfor både dagvakter, kveldsvakter og nattevakter. Ho anslår å ha mellom seks og åtte nattevakter i månaden.

– Så då går ein vaken heile natta og skal på trening dagen etterpå. Det er heftig, og eg merkar det på kroppen, seier ho, og held fram:

– Ein får ikkje restituert på den måten ein ønskjer, og søvn er ekstremt viktig når ein trenar sånn som ein gjer. Det har nok påverka meg, men eg har klart å prestere likevel. Så noko rett må eg vel ha gjort.

Anna Aahjem

GRUNN TIL Å SMILE: Anna Aahjem har lykkast med å kombinere livet som fotballspelar og praktikant i politiet.

Foto: Terje Haugnes / NRK

I tillegg har ho skulearbeid som skal gjerast. Innleveringar og eksamenar.

Å måtte kombinere studie, jobb og eit liv som fotballspelar i Toppserien er likevel ikkje noko nytt.

Ei større NRK-kartlegging frå tidlegare i år viste at berre 34 spelarar i Toppserien har ei månadsinntekt på over 30.000 kroner. Nesten 40 prosent av spelarane med ein proffkontrakt i Toppserien tener mindre enn 10.000 kroner i månaden.

Sjølv om økonomien i Toppserien har vorte betre dei siste åra, er å ha jobb ved sida av fotballen heilt nødvendig for å få det til å gå rundt.

Det same gjeld for Aahjem.

– Eg får ikkje god nok lønn i Lyn til å gjere det (spele fotball) fullt ut, så då er det nødvendig å ha noko på sida.

Les også Yrket der likelønn er utopi

Toppserie

Men ho legg ikkje skjul på at ho drøymer om å leve av fotballen.

– Viss eg skulle valt her og no, hadde eg valt fotballen. Det er no ein kan gjere det. Utdanning og karriere innanfor politiyrket kan ein alltids ta igjen. Eg vil sjølvsagt sjå kor langt eg kan nå i fotballen, seier ho.

– Kroppen forfell også når ein blir eldre, så å kunne leve av fotballen er heilt klart ein draum. Det er det eg håpar på, legg ho til.

– Har vakse veldig mykje

Til så lenge trivst Aahjem godt med å kombinere dei to jobbane. Og ho er heilt sikker på at det ho lærer ute på gatene som politi, hjelper henne når ho byter ut arbeidssko og politiuniform med Lyn-drakt og fotballsko.

– Som politi må ein kunne ta styring, og det er veldig viktig i fotballen òg. Eg trur det har hjelpt meg med å ta ei større leiarrolle, seier ho.

Anna Aahjem

TREFFSIKKER: Anna Aahjem veit kvar målet står, sjølv med arbeidssko på.

Foto: Terje Haugnes / NRK

Sjølv om det er slitsamt, meiner ho politiarbeidet er ein god måte å kople av på.

– Eg får gjere noko heilt anna, men samtidig vere i aktivitet og sosial. Eg trur eigentleg eg har vakse veldig mykje på det, så eg trur det kan vere veldig bra. Sjølv om nattevaktene tærer på, ler ho.

Slndag er det duka for ein ordentleg toppskårarduell når hovudstadsklubbane Vålerenga og Lyn møtest.

Då byter igjen Aahjem ut jakta på kriminelle med jakta på poeng – og endå fleire skåringar.

Sportsnyheter

Siste nytt

  • De Ligt, Musiala og Dier tilbake i trening før returkampen i Madrid

    Bayern München-trioen Matthijs de Ligt, Jamal Musiala og Eric Dier var alle med på tirsdagens trening før onsdagens Champions League-semifinale mot Real Madrid.

    De Ligt gikk glipp av den første kampen grunnet kneproblemer, og erstatteren Kim Min-jae har fått skylden for begge målene Bayern München slapp inn i 2-2-kampen.

    Bayern-trener Thomas Tuchel sa på tirsdagens pressekonferanse at Dier og De Ligt ligger an til å starte returkampen i Spania.

    – De fortjener å fortsette å spille sammen. Matthijs har fått grønt lys, sa Tuchel.

    Musiala
    Foto: CHRISTOF STACHE / AFP
  • McDavid, MacKinnon eller Kutsjerov blir årets spiller i NHL

    Connor McDavid, Nathan MacKinnon og Nikita Kutsjerov er årets finalister i kampen om å vinne Hart-trofeet som årets spiller i NHL.

    Hart-trofeet gis årlig til spilleren som i en avstemning blant medlemmene i ishockeyjournalistenes forening utpekes som den mest verdifulle for sitt lag.

    McDavid vant Hart-trofeet for tredje gang i fjor og kan slutte seg til Wayne Gretzky (9), Gordie Howe (6) og Eddie Shore (4) som en av spillerne med minst fire. Edmonton Oilers-kapteinen kan også bli den første som vinner to år på rad siden Alex Ovetsjkin i 2008 og 2009.

    6bI-ZE7PPAY
    Foto: AP
  • Nominert til årets manager – fikk sparken

    Liam Rosenior var en av tre nominerte til prisen for årets manager i engelsk mesterskapsserie. Tirsdag fikk han sparken i Hull.

    39-åringen ble i november 2022 hentet til trenerjobben i klubben han hadde spilt for i fem år av sin aktive karriere. Han berget laget fra nedrykk, og sist sesong gjorde Hull det så bra at han i desember fikk en ny og forbedret kontrakt med gyldighet til 2026.

    Han ble også nominert til prisen som sesongens manager sammen med Kieran McKenna (Ipswich, som vant) og Daniel Farke (Leeds), men Hull gikk så vidt glipp av opprykkssluttspill. Med bare en seier på de fire siste kampene endte laget på 7.-plass, tre poeng bak Norwich på den viktige 6.-plassen.

    – Dette er den vanskeligste avgjørelsen jeg har truffet som styreleder i denne klubben. Jeg må se bort fra personlige følelser og treffe avgjørelser med klubbens langsiktige visjoner i sentrum, sier klubbens tyrkiske eier Acun Ilicali til Hulls nettsted.

    – Det er ingen tvil om at vi har hatt framgang under Liam, og han vil alltid være en del av denne familien. Likevel er det blitt tydelig at vi har ulike visjoner for klubbens framtid, og jeg føler at tiden er inne for å gjøre en endring.

    (©NTB)

    dfClLXF5MRI
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal