Hopp til innhold

Vil ha norsk smittevernutstyr i beredskapslager

Norskproduserte munnbind og anna smittevernutstyr var mangelvare då koronapandemien braut ut i mars i fjor. No ber Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum Stortinget vere med på å sikre norske varer i beredskapslagera.

Bedrifta Innovern i Sykkylven har spesialisert seg på munnbind

Munnbindfabrikken Innovern i Sykkylven blei etablert i fjor vår. Før året er omme har dei 14 tilsette forsynt med til saman 20 millionar munnbind.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

I store, lyse lokale i fjøresteinane ved Sykkylvsfjorden jobbar 14 tilsette på skift i fabrikken til Innovern. Kvar dag blir 150 000 lyseblå munnbind klipt opp, sett saman og forsynte med strikk.

Dette er landets første spesialfabrikk for munnbind, og målet er å produsere 15 millionar munnbind før nyttår.

Odd Jostein Drotninghaug (SP)
Orfører i Sykkylvven

Sykkylvsordførar Odd Jostein Drotninghaug likar ikkje tanken på at Noreg skal vere avhengig av å importere smittevernutstyr neste gong landet står i ei krise.

Foto: Jan Erik Finsæther / NRK

Eit par dryge steinkast frå fabrikken ligg rådhuset. I ordførarstolen sit ein engasjert Odd Jostein Drotninghaug (Sp) med ein klar bodskap.

– Ved neste krise må vi sleppe å stå og speide etter fly frå Asia som skal berge Noreg med smittevernutstyr, seier Drotninghaug.

Han slår fast at lærepengen Noreg fekk då koronaen kom i fjor, må takast på alvor.

– At vi nesten ikkje hadde smittevernutstyr sjølve då det braka laust i fjor, var ein vekkar. No må vi sikre at bedriftene som heiv seg rundt og fekk i gang produksjon av godkjent smittevernutstyr, er sikra drift også etter pandemien.

Munnbind stanset fra Kina stanset på grensen

Import av kinesiske munnbind blei stansa på grensa til Noreg sist sommar.

Foto: Tolletaten

Han vil at Noreg pressar anbods-reglane i EØS, slik at det er mogleg å gi norskproduserte varer prioritert framfor varer produsert i andre EØS-land.

Munnbind også etter pandemien

Styrerepresentant Lars Einar Riksheim i Innovern er spent på kva som skjer med produksjonen når koronapandemien har gitt seg.

Ei bekymring for tryggleiken til folk flest, går han også med. Noreg må ikkje gjere seg sårbar på nytt, men ta vare på kritisk industri som kjem smittevernet til gode.

Lars Einar Riksheim, dagleg leiar Innovern i Sykkylven som produserer munnbind

Lars Einar Riksheim er ekte sunnmørsk gründer som raskt etablerte munnbindfabrikk då pandemien råka Noreg.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Riksheim meiner Noreg ikkje må følgje EØS-regelverket slavisk i dette tilfellet, men syte for å ha eigne varer i beredskap. På det viset kan norsk spisskompetanse utnyttast og gjere landet langt på veg uavhengig av importert utstyr når grenser blir stengde.

Som eit ekstra poeng legg han til at smittevernutstyr faktisk går ut på dato.

– For munnbind reknar vi to år, andre produkt går ut på dato etter rundt fem år.

– Trist om vi gir slepp på kompetansen

I Skien lagar 70 tilsette ved Asap Norway frakkar for eingongsbruk til helsevesenet. Produksjonen fekk bedrifta i gang lynraskt då koronaen ramma landet. Dagleg lagar dei mellom 1000 og 3000 spesialfrakkar.

Salgssjef Astrid Skreosen, Asap-Norway i Tønsberg

Astrid Skreosen er salssjef i Tønsberg-bedrifta Asap Norway med smittevernlaken som spesialitet gjennom mange år.

Foto: Asap- Norway

– Når vi først har satsa og bygd opp eigen kompetanse på området, vil det vere veldig trist å ikkje vidareføre produksjonen. Vi må for all del unngå å starte alt frå botn igjen, seier salssjef Astrid Skredosen.

Ho kjempar for å bevare dei 70 arbeidsplassane for framtida, men ser utfordringar med anbod-regelverket til EØS.

– Det må då kunne gå an å få til avtalar både fordi det handlar om beredskapen i landet, og om arbeidsplassar, meiner ho.

Smittevernfrakk til engangsbruk, produsert av bedrifta ASAP i Tønsberg

Smittevernfrakkane frå Asap-Norway er dagleg i bruk ved norske sjukehus og institusjonar.

Foto: ASAP

– EØS bør ikkje vere problemet

Senterpartileiar Trygve Slagsvold Vedum støttar øyremerking av norsklaga smittevernutstyr i beredskapslager i Noreg. Med politisk vilje er det fullt ut realistisk, meiner han.

Trygve Slagsvold Vedum (Sp)

Norske produkt i nasjonalt beredskapslager blir ei slags forsikringsordning, meiner Trygve Slagsvold Vedum.

Foto: Terje Bendiksby

– Vi var altfor sårbare 12. mars og stod utan kapasitet på eige smittevernutstyr, og med det altfor lite handlingsval som nasjon, slår han fast.

Slagsvold Vedum ser ikkje EØS-avtalen med kvasse reglar for anbod som hinder, og spår at nasjonalt smittevernutstyr kjem til å bli debattert i fleire europeiske land i tida framover.

– Den tyske regjeringa innfører ei tilsvarande ordning. Dei vil til og med ha produksjon av masker og utstyr basert på tyske råvarer og komponentar. Og alt dette ut frå ei beredskapstenking. Då bør vi også kunne gjere det same, seier Vedum.

Vedum vil no ta opp saka i Stortinget.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL