– Det kommunen tenker er ei lett løysing for dei, er ikkje ei lett løysing for elevane, seier elevrådsleiaren ved Atlanten vidaregåande skole, Ida Aarøe Holten.
Kristiansund kommune må bruke meir av kapasiteten til helsesjukepleiarane i grunnskulen.
Dei videregåande skulane må no nytte helsestasjonen som ligg i sentrum. Ein halvtimes gåtur frå skulane.
Andreas Løvold, Ida Aarøe Holten og Ingeborg Bjerkestrand i elevrådsstyret ved Atlanten vgs. framfor døra der helsesjukepleiaren var før.
Foto: Eirik Haukenes / NRK– Teite opningstider
No står elevane saman med fagfolk og krev at dette blir omgjort.
– Det å ha ei dør å gå til der dei er, er kjempeviktig. Og det har dei ikkje no, seier fylkesleiaren i Norsk Sykepleierforbund, Trine Bruseth Sevaldsen.
Trine Bruseth Sevaldsen, Norsk Sykepleierforbund Møre og Romsdal.
Foto: Eirik Haukenes / NRKHo meiner helsesjukepleiarane er med på å førebygge fråfall frå vidaregåande skule.
– Og når du førebyggjer fråfall, kan du hindre at nokon blir ein NAV-klient seinare i livet.
Det er ikkje berre i Kristiansund dei reagerer på kutt i skulehelsetenesten.
Leiaren for norske helsesjukepleiarar Ann Karin Swang, sa i mars at å kutte i førebygging er som å tisse i buksa for å halde seg varm.
– Tilbodet til ungdom i skolehelsetenesta blir fleire stader rasert, sa ho til NRK.
Ann Karin Swang er leiar for Landsgruppen av helsesykepleiere i Norsk Sykepleierforbund.
Foto: Kristin HenriksenEr det viktig at helsesjukepleiaren er fysisk på skulen?
Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.
– Teite opningstider
Ingeborg Bjerkestrand i elevrådsstyret er bekymra for kva som vil skje no når det blir vanskelegare å få ein prat med helsesjukepleiaren.
– Det er veldig dumt dersom du har lyst å snakke med helsesjukepleiaren om noko du ikkje har lyst å snakke med foreldra dine om.
– Det er teite opningstider også. Det er berre ope i skuletida. Vi kan jo ikkje berre fare frå skulen, legg ho til.
Elevane ved Atlanten videregående skole har ikkje lenger helsesjukepleiar fysisk til stades på skulen.
Foto: Eirik Haukenes / NRKKommunen måtte prioritere
Anja Alvilde Stavsnes er einingsleiar for førebyggjande helsetenester i Kristiansund kommune.
Ho forklarar at helsesjukepleiarane blei flytta vekk frå dei vidaregåande skulane fordi dei måtte styre meir av ressursane inn i grunnskulen.
– Vi såg oss nøydde til å sjå etter løysingar som gir alle eit tilbod.
Likevel ser Stavsnes at det ikkje er optimalt for elevane på dei vidaregåande skulane.
– Vi ser jo at det har svekka det tilbodet for elevar ved den vidaregåande skulen, seier ho.
Det er Helsestasjon for ungdom, i sentrum av Kristiansund, som no skal vareta tilbodet til desse elevane.
Anja Alvhilde Stafsnes, einingsleiar for førebyggjande helsetenester i Kristiansund kommune.
Foto: Eirik Haukenes / NRK– Får ikkje hjelpa dei skal ha
Sjukepleiarforbundet er klare på at dette ikkje er godt nok.
– Dei får ikkje den hjelpa dei treng, når dei har behov for det, seier Trine Bruseth Sevaldsen.
Psykisk helse blant ungdom er eit satsingsområde for regjeringa.
I Kristiansund kjennast det ikkje slik, meiner Andreas Løvvold i elevrådsstyret ved Atlanten vidaregåande skole.
– Vi er i ein situasjon der vi må bere på mykje meir mentalt. Då får vi ikkje alltid den hjelpa vi treng, seier han.
Han har ei klar oppfordring til kommunen:
– Få helsesjukepleiaren tilbake på skulen og endå oftare. Det er såpass mange som treng det.