Hopp til innhold

Venta på Veslemannen i fem år – var i Syden då raset gjekk

Heilt sidan 2014 har den prislønte naturfotografen Vegard Lødøen reist inn og ut av Rauma på jakt etter dramatiske bilde. Då det store raset kom var han på ferie i Kroatia.

Vegard Lødøen i Split

Naturfotograf Vegard Lødøen er ein av dei som har følgt Veslemannen tettast. Her er han på ferie i Kroatia medan raset gjekk.

Foto: Privat

– Eg skulle no gjerne ha opplevd det, men den gong ei, seier Lødøen til NRK.

Då det rasutsette fjellpartiet Veslemannen for alvor begynte å skyte fart den siste veka fekk Vegard Lødøen eit tjuetals telefonar frå folk som lurte på om han var i området – slik han ofte brukar å vere når det er raudt farenivå.

Det har blitt mange turar og eit utal timar nede i fjellsida for Lødøen, som har selt bilde til fleire mediehus.

Han har følgt utviklinga nesten dagleg, og når det skjedde ting i fjellet var han ofte budd på å hoppe i bilen.

Steinsprang frå Veslemannen

Eit utal tolmodige timar har gått med til å få bilde som dette, som Lødøen tok av steinsprang frå Veslemannen tidlegare i år.

Foto: Vegard Lødøen

Såg raset frå hotellrommet

Men då raset kom på torsdag måtte Lødøen følgje med på pc-skjermen frå hotellet i Split. Dei hadde allereie bestilt ei veke lang ferie, og å avbestille var uaktuelt.

– Kva trur du familien hadde sagt då? Kona er viktigast, eg valde henne føre Veslemannen, held Lødøen fram.

Vegard Lødøen

Fotografen synest det er fasinerande å fotografere naturen i sving: – Det er krefter i naturen ein ikkje rår ved.

Foto: Hege Irene Lødøen

Han synest det var fascinerande å sjå raset på TV-sendingane, og fekk likevel stemninga.

– Det var spektakulært, og gjekk raskare enn eg hadde trudd, seier han.

Det er likevel eit motiv frå Veslemannen han gjerne skulle foreviga.

– Då raset slo ned i bakken lengst nede, med steinar som sprutar ut over terrenget. Akkurat det skulle eg gjerne ha hatt nærbilde av, fortel han.

Har sett seg nye mål

Lødøen fortel at han er ein tolmodig sjel, som nok kjem noko til å følge med på andre fjell, til dømes Åkerneset i Stranda. Eit skred der i framtida kan truge turistbygda Geiranger.

Elles kjem han til å fotografere dyr. Det kan ikkje måle seg med eit dramatisk ras, men han har eit draumemotiv, som han trur vil gjere det.

– Eg prøver på ein brølande hjort på 20 meters hold, det blir hovudfokus framover. Då gløymer eg fort Veslemannen inntil vidare.

Brølande hjort

Naturfotografen vann pris for årets bilde i 2016. Han bur i Valldal på Sunnmøre, ein dryg time unna Rauma. Det blir meir fokus på dyrebilde no som Veslemannen er blitt historie.

Foto: Vegard Lødøen

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL