Hopp til innhold

Siri (31) fekk hjerneskade – no lærer ho å leve livet på nytt

For tre år sidan blei livet hennar snudd på hovudet. No brukar ho fysisk aktivitet for å finne fotfeste igjen.

Ei kvinne som ser i kamera

FRAMOVER: Då Siri Kvalheim var 28 år gammal, førte ei massiv hjernebløding til at ho fekk ein skade på hjernen. Frå å ikkje vilje akseptere skaden, ser ho no framover og lærer seg å leve med skaden.

Foto: Stine Bækkelien / NRK

– Målet er toppen av Svoloberget, seier Siri Kvalheim.

Ho peikar oppover mot fjellet som ruvar 1233 meter over havet i Øystre Slidre.

For nokre år sidan hadde dette vore ein enkel tur for henne. Men no er kvart steg ein kamp.

Ei kvinne som sitter på bakken og ser opp på et fjell

Siri har eit klart mål om å komme seg til toppen av Svoloberget. Før skaden var ho aktiv og elska å gå fjellturar. Lidenskapen er der framleis.

Foto: Stine Bækkelien / NRK

Ho var 28 år då ei massiv hjernebløding skadde hjernen hennar.

Dei første minna ho har etter skaden er frå at ho gjekk på ei tredemølle.

Kroppen var festa i ein sele. Hovudet var låst og høgrehanda spent fast.

– Eg hugsar eg grein og tenkte: «Er dette livet no? Er det sånn det blei?».

En person ligger på en seng på et sykehus
En person ligger på en sykeseng

Med ei nyfødd jente på knapt fem månader og ein son i førsteklasse, kjende ho at familien var komplett. Men så tok livet ei brå vending.

FOTO: Privat

– Eg var på det lykkelegaste punktet i livet mitt, fortel ho om tida før skaden.

Men då ho ein laurdag morgon i mai 2022 vakna med eit intenst hovudverk, snudde alt.

Store mørketal

Statistikken viser at rundt 200 barn og unge i Noreg får ei erverva hjerneskade etter sjukdom eller ulykke kvart år, ifølge Sunnaasstiftelsen.

Men dei meiner det er store mørketal.

Tala må hentast diagnosevis, og stiftinga reknar med at mellom 3500 og 4500 personar i arbeidsfør alder blir råka årleg av ei erverva hjerneskade.

Ei kvinne som ser utover

Siri Kvalheim var fersk tobarnsmor, straks ferdig med lærarutdanning og følte at ho var på det lykkelegaste punktet i livet då alt plutseleg tok ei brå vending.

Foto: Stine Bækkelien / NRK

Siri Kvalheim kunne ikkje gjere noko for å hindre hjerneblødinga, har ho fått fortalt.

– Det viste seg at eg hadde eit karnøste i hovudet. Ei blodåre kopla seg på ei anna blodåre. Då blei det så høgt trykk at ho sprakk.

Viktig å akseptere

No trenar ho kvar dag på å leve med halvsidig lamming, spasmar og kognitive utfordringar.

– Det første året trudde eg at aksept betydde å gi opp. Men det er jo det motsette.

– Å akseptere betyr å kjempe vidare med alt du har. Når du ikkje aksepterer, set du livet på pause.

Ho tenker ikkje lengre at når handa hennar fungerer, så skal ho begynne å leve.

– Eg tenker at eg lever med handa som ho er no. Om den begynner å fungere, er det berre ein bonus, seier ho.

Vegen frå å ikkje klare å løfte sitt eige hovud til å kunne gå i kupert terreng er lang.

Men 31-åringen er der no.

En gruppe mennesker på tur
En gjeng på tur opp i fjellet
FOTO: STINE BÆKKELIEN / NRK

Saman med andre som har fått ei hjerneskade, kjempar ho seg oppover stien mot Svoloberget.

– Det er ganske sjukt å tenke på at eg ikkje klarte å halde mitt eige hovud oppe. No går eg i kupert terreng. Det hadde eg ikkje trudd.

Under leiren «Brain Camp» som Sunnaasstiftelsen arrangerer, møter Kvalheim fleire i hennar situasjon, og ser korleis andre, bokstavleg talt, har reist seg etter ei hjerneskade.

To personer som står med ryggen til kamera

På leiren «Brain camp» får deltakarane kjenne på meistring og fellesskap. Siri Kvalheim kallar opplegget magisk.

Foto: Stine Bækkelien / NRK

Aktiv rehabilitering

For mange blir livet aldri heilt det same etter å ha fått ei hjerneskade.

– Det å vise kva moglegheiter som finst, sjølv om ein har fått ei funksjonsnedsetting, er viktig, seier Kristine Sørland.

Ho er prosjektleiar i Sunnaasstiftelsen, og samla over 40 barn og vaksne som lever med hjerneskade til aktivitetsleiren.

  • Ei kvinne som ser i kamera
    Stine Bækkelien / NRK

    ­

    – Vårt hovudmål er at folk som lever med funksjonsnedsettingar skal kunne leve gode og aktive liv etter å ha opplevd noko dramatisk i livet, som til dømes å få ei hjerneskade, seier Sørland.

    ­

  • En person som setter opp en lavvo
    Stine Bækkelien / NRK

    ­

    «Brain Camp» bygger på metoden aktiv rehabilitering, som skal gi deltakarane meistring i praksis, forklarar Sørland.

    Til dømes ved å sette opp ein lavvo eller gå ein fjelltur.

    ­

  • To kvinner som ser på hverandre
    Stine Bækkelien / NRK

    ­

    – Det handlar om sjølvstende, meistring og å oppleve at ein betyr noko for andre, seier Sørland i Sunnaasstiftelsen.

    ­

Erfaringar frå fleire av stiftinga sine tidlegare leirar tyder på at deltakarane toler meir enn dei trur.

No nærmar eit forskingsprosjekt som undersøker om balanse mellom fysisk aktivitet og søvn kan redusere fatigue hos personar med erverva hjerneskade, seg slutten.

Fatigue er ei vanleg og krevjande følgje av erverva hjerneskade, ifølgje Sintef.

Det er lite forsking på dette, og ein veit per i dag ikkje kva som forårsakar det, kva slags rehabiliteringstiltak som er mest effektive mot det, eller kva slags tilpassingar ein kan gjere for å optimalisering eigen belastning.

Kartlegginga blir gjort ved hjelp av aktivitetsarmband og eigenrapportering. Målet er å utvikle kunnskapsbaserte råd for betre belastningsstyring.

Nokon som har «gått i søla»

Mentorane på leiren har sjølv fått ei hjerneskade. Blant dei er Per Diogo Olsen.

For rundt ti år sidan slo han hovudet i ein kantstein under ei valdshending.

For han betyr det mykje å kunne vise andre som har fått ei hjerneskade korleis livet kan bli.

En mann

For rundt ti år sidan fekk Per Diogo Olsen ei hjerneskade. I dag er han mentor på leiren, og viser korleis ein kan leve ganske greitt med ein skade på hjernen.

Foto: Stine Bækkelien / NRK

– Det er ei erfaring eg skulle vore forutan, men når eg først har den erfaringa, er det veldig fint å kunne trekke dei positive parallellane og ta vare på dei som kjem etter.

Då han blei skadd, hjelpte det ikkje kva legen eller forskinga sa. Han trong å møte nokon som hadde vore der før, og sjå at det kunne gå bra.

– Det vil dessverre alltid vere menneske som opplever ting som gjer at ein må ta imot livet på ein annan måte. Då er det viktig å møte nokon som har gått gjennom søla før deg, og sjå at det kan gå greitt, sjølv om det er superkjipt.

Meistring utan å nå toppen

Etter å ha gått ei stund på stien oppover mot Svoloberget med ein spastisk ankel og eit kne i overstrekk, måtte Siri Kvalheim snu på 1191 meter over havet.

Men ho har lært at meistring ikkje alltid handlar om å nå toppen.

En gjeng på fjelltur
En gjeng på tur
FOTO: STINE BÆKKELIEN / NRK

– Det var stor lærdom i at eg snudde i tide og hadde kapasitet igjen då eg kom ned til leiren, i staden for total kollaps.

Sjølv om ho ikkje nådde fjelltoppen denne gongen, er ho på veg mot noko enda større.

– Eg drøymer om å vere meir til stades, rett og slett.

Til stades for dei som har vore der for ho heile vegen etter ho vart skada. For det var ikkje berre ho som vart råka av skada, men også alle rundt, fortel ho.

En gjeng på fjelltur

Fellesskapet og støtta i å sjå korleis andre har reist seg etter ei hjerneskade, er viktig i kampen vidare for Siri Kvalheim.

Foto: Stine Bækkelien / NRK

Å ha eit sterkt nettverk rundt seg har vore avgjerande for ho, og støtta og hjelpa frå familien og mora hennar har vore viktig for å kunne rette blikket framover.

– Drivkrafta mi er ungane og mannen min. Dei har vore mine viktigaste støttespelarar og ein heilt fantastisk heiagjeng som har feira både store og små sigrar. Kor mannen min finn styrken frå, veit eg ikkje, men han er stødig som eit fjell.