Hopp til innhold

Vegvesenet opnar tunnelar for Sting-konsert

12.000 publikummarar skal til og frå Color Line Stadion i kveld for å oppleve Noregs største Sting-konsert. Vegvesenet har lagt ein plan for å unngå trafikk-kaos.

Sting

Sting skal spele for 12.000 i Ålesund. Søndag spelte han for 10.000 i Bodø og skal spele for 8.000 i Bergen. Seinare i år kjem han til Oslo og Stavanger.

Foto: Julio Cesar Aguilar / AFP

Jau då. Gode, gamle «Windmills of your Mind» i Sting-versjon står kanskje på set-lista når Sting i eigen person entrar scena på Color Line Stadion i kveld. I så fall kan det bli tunnel-tur på deg, både musikalsk og på vegen.

Like a tunnel that you follow to a tunnel of its own
Down a hollow to a cavern where the sun has never shone

Sting, Bergman, Bergman & Legrand

Spesielt Hatlaås-tunnelen har dei siste åra framstått som ei grotte der sola aldri har fått sleppe til. Og Moa- og Blindheimstunnelen skal rustast opp med nytt tryggingsutstyr.

Tre stengde tunnelar

Med tre stengde tunnelar i same område har det blitt køar i periodar med mykje trafikk. Og rett før og rett etter Sting-konserten i Ålesund kjem det nok til å vere tett trafikk både på Borgundvegen, Lerstadvegen, Borgundfjordvegen og vegsystema forbi Moa, Spjelkavika og Blindheim.

Vegvesenet har tenkt tanken, og har bestemt seg for å opne både Moa-tunnelen og Blindheimstunnelen.

– Vi ser det blir mykje trafikk i kveld. Av den grunn vel vi å halde opne både Moa- og Blindheimstunnelen til klokka eitt i natt, seier prosjektleiar Arne Ola Stavseng til NRK.

Hatlaåstunnelen framleis stengd

Dette inneber at Hatlaåstunnelen vert halden stengt også i kveld. Medan Moa- og Blindheimstunnelen blir open til klokka eitt. Desse to tunnelane er på E39, og fungerer som ein del av innfart- og utfart-systemet i Ålesund.

– Det er ekstra viktig for oss å halde ope dei kanalane vi kan, ikkje minst no når Hatlaåstunnelen er stengd. Det er jo viktig at folk også skal få kome seg heim att etter konserten, seier Stavseng.

I Hatlaåstunnelen går det imidlertid føre seg så mykje omfattande arbeid at vegvesenet ikkje ser det som mogleg å opne denne midlertidig.

Vi må tenkjer på tryggleiken. Dermed kan vi ikkje opne denne tunnelen. Der må vi halde på til vi er ferdige, seier Stavseng.

– Køyr kollektivt

Stavseng oppmodar folk som skal til og frå konserten om å nytte kollektivtransport i så stor grad som mogleg. Også arrangøren Momentium oppmodar publikum om å bruke parkeringsplassar både på Moa og i ytre bydel.

– Det skal vere sett opp ekstra bussar, så det vil lette på trafikkavviklinga, seier Stavseng.

Kan bli regn

Dørene inn til stadion opnar klokka 18.00. Det er venta at sjølve konserten startar klokka 20.00. Ifølgje Yr.no skal regnet kome frå det tidspunktet sjølve konserten startar. Dermed ser vi slett ikkje vekk frå at Sting også dreg i gang denne: «Heavy cloud-no rain».

Heavy cloud but no rain
The sun won't shine till the clouds are gone
The clouds won't go till their work is done
And every morning you'll hear me pray
If only it would rain today

Sting

Planlagt konsertstart er klokka 23.00.

Og nynn gjerne på denne slutt-strofa frå ei omskriving av «Moon over Bourbon Street», om du blir sitjande fast i kø i indre bydelar av Ålesund etter konserten.

Du ser ikkje skuggen min - eller lyd frå slitne bein

I kø og høljregn inn på Borgundvei'n

Lett omskrive, Moon over Bourbon street

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL