Hopp til innhold

Vassendgutane ute med sitt åttande album

Dei uslitelege Vassendgutane er i farta med ny plate. Fram til nyttår skal festcountrybandet halde 60 konsertar i bygd og by.

Vassendgutane med ny plate

To år etter at dei sist kom ut med plate, er Vassendgutane klar med si åttande plate. «Skru opp!!». Country-heltane selde heile 17.000 album på dei tre første dagane etter slippet av det albumet «Hesteslepp» då det kom ut i 2013.

Plateslepp

I helga er det plateslepp i Ørsta, med både familiekonsert og dans, så går det slag i slag med konsertar utover.

Skru opp

«Skru opp!!» er Vassendgutane sitt åttande album.

Foto: Vassendgutane
Sindre Aam

Sindre Aam si sjølvopplevde historie på fjellet resulterte i låta «Naking».

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Om to veker held dei populære karane frå Åmdalen i Ørsta konsert i Kristiansund og 30. mai vert det plateslepp på Rockefeller i Oslo.

– Vi skal ha 60 konsertar over heile landet i sommar og i haust, fortel Arthur Bjørdal.

«Naking»

Vassendgutane er ikkje kjende for å halde tilbake i låtane sine og det gjer dei heller ikkje på det nye albumet. Ein av låtane der har fått namnet «Naking», etter ei oppleving Sindre Aam hadde då han gjekk på fjellet.

– Det har no vorte slik siste åra at dersom folk går høgare enn hustaket sitt, så byrjar dei å kle av seg og skal ta bilete av seg sjølv bakfrå, seier Sindre Aam og fortel korleis songen «Naking» vart til.

– Eg kom sjølv opp på eit fjell og der såg eg plutseleg fire nakne «raue» som vi seier i Ørsta. Det var kvinnfolk, eg trur det var to frå Ulsteinvik og to frå Sykkylven. Og det vart det sang av.

Humor

Festcountrybandet samlar mellom 500 og 1000 menneske kvar gong dei held konsert og musikken fengjer folk i alle aldrar.

– Det er kjekt å sjå at ungdomen også kjem på konsertane våre og at musikken fengjer også dei, seier Arthur Bjørdal.

Sindre Aam legg til at det er difor dei har klart seg bra gjennom alle desse åra. Publikum møter opp igjen og igjen og likar det dei høyrer.

Folk høyrer kven det er med ein gong dei høyrer musikken deira og tekstane fengjer minst like mykje som melodien.

– Vi høyrer historier rundt omkring og det vert det songar av. Det viktigaste er å få folk til å sjå det føre seg og lage det litt humoristisk, fortel Arthur Bjørdal, ein av dei i bandet som skriv tekstane på mange av låtane.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL