Hopp til innhold

Norges mest kritiserte band er 20 år

Vassendgutane er elska av folket, men hata av musikkritikarane. No feirar bandet 20 år.

Frank Willy Utgård og Ernst Olaf Brune i Vassendgutane

Det er 20 år sidan Ørstabandet Vassendgutane såg dagens lys. Enkelte syns det er fantastisk å sjå dei på scena. Andre vil aller helst sleppe.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

Folket elskar bandet, men det gjer slett ikkje musikkjournalistane. Etter ni plater er ikkje terningkasta noko å skryte av. To er ein gjengangar.

– Vi tar anmeldingane på yttarste alvor, men vi er eksempel på at ein kan få dårleg kritikk og selje mykje musikk. Vi er eit av dei mest kritiserte banda blant dei som skal forstå seg på musikk, men vi tar det ikkje så tungt fordi vi har eit stort publikum, seier Sindre Aam.

I den vesle bygda Åmdalen i Ørsta starta fire kompisar eit band i 1996, som hadde øvingslokale i kjellaren på grendehuset i Vassenden. Det skulle berre vere leik og moro, men få år etterpå turnerte Vassendgutane i heile Noreg med festcountrymusikken sin. Låtar som «Ungkar med dobbeltseng», «Granada» og «Silikon i Tatti» har blitt landeplager.

Vassendgutane - På dansefot

Vassendgutane er kjend for å lage liv og røre på konsertane.

Foto: Erik Forfod

Enkle tekstar

Bandet består i dag av sju medlemmar. Til saman har dei vore på VG-lista i over 50 veker til saman. Musikken deira ligg på Spotify, men framleis sel dei mykje CD-ar.

– Tekstane er enkle å forstå. Takta og tempoet i melodien er kjekke når ein skal ha seg ein fest, seier Aam.

Ein typisk vassendgutlåt handlar om kvardagslege ting som fest, bønder, ekteskap og bilar. Alle tekstane har eit snev av sanning i seg. Då dei starta for 20 år sidan hadde dei lite eigne tekstar. I dag har dei ei lang liste og alle songane er på Ørstadialekt.

LES OGSÅ:

Snobbete anmeldarar

Atle Bredal

Atle Bredal er musikksjef i P1. Han er av dei få musikkanmeldarane som har gitt gode skussmål til Vassendgutane.

Foto: Erlend Lånke Solbu/NRK

– Det som treff folket, treff ofte ikkje musikkritikarane. Dei anstrenger seg gjerne ekstra for å like ting som ikkje har den folkelegheita ved seg, seier musikksjef i NRK P1 og P1+, Atle Bredal. Han samanliknar det med filmar. Dei filmane som er best likt av publikum, er ikkje dei som får høgst terningkast frå anmeldarane.

Er det snobberi?

– Ja, du kan godt kalle det det, seier Bredal. Han er ein av få som har gitt Vassendgutane 6 der 10 var høgste score.

Bredal meiner Vassendgutane er einstydande med fest og moro.

– Det er enkle tekstar og fengande melodiar, som passar svært godt på lokalet, seier Bredal. I P1 blir Vassendgutane lite spelt og er ikkje eit av kjernebana til radiokanalen. Grunnen er tekstane kan vere flåsete, ifylgje Bredal.

Vassendgutane

Vassendgutane er elska av folket og kritisert av musikkjournalistane.

Foto: Oyvind Eide

Lovar bra fest

Laurdag skal Vassendgutane ha jubileumsfest i Ørsta saman med Ole Ivars. Også det lokale bandet Sunnmøre bårelag er invitert. Og sjølv om medlemane har blitt eldre, skal det ikkje stå på stemninga.

– Vi har ikkje endra oss. Festane vi lagar er ganske like som for 20 år sidan, seier Rune Brautaset, som spelar gitar og syng i bandet.

Vassendgutane

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL