Hopp til innhold

Fleire valdsepisodar på Vassendgutane-konsert

Politiet måtte rykke ut fleire gongar då Vassendgutane heldt konsert på heimebane i Ørsta laurdag.

Sommerfestivalen i Selbu 2013 - Vassendgutane

Arkivfoto: Det gjekk heitt for seg under jubileumskonserten til Vassendgutane i Ørsta laurdag kveld.

Foto: Hans H. Bjørstad

Rundt 2.000 personar hadde samla seg i Kiwihallen i Ørsta då Vassendgutane arrangerte jubileumskonsert laurdag. Det lokale bandet skulle feire 20 år på vegen, og med seg hadde dei Ole Ivars og Ørsta-bandet Baarelaget. Det gjekk heitt for seg under konserten og politiet måtte handtere fleire valdsepisodar.

– Det er sjølvsagt ikkje bra. Vi håper alltid at folk oppfører seg på slike arrangement, men nokre gongar kan det virke som om vitet renn litt ut i andre enden når alkoholen kjem inn, seier Tor-Andre Gram Franck, operasjonsleiar i politiet på Sunnmøre.

Fleire valdsepisodar

Politiet melder om fleire ordensforstyrringar i området og allereie i 23.00-tida smalt det for fyrste gong. Ein mann i 20-åra hamna i arresten for å ha slått til ein annan person.

Like etter blei ein person køyrd til sjukehus etter å ha blitt skalla ned. Personen skal ikkje ha blitt alvorleg skadd, og politiet veit kven gjerningsmannen er. Ein full person blei også køyrd til arresten etter slagsmål og aggressiv framferd.

Rundt midnatt oppstod det ei ny valdsepisode ved arrangementet, og berre ein time seinare måtte politiet igjen handtere enno ei valdsepisode. Politiet fekk raskt kontroll på dei involverte i begge tilfella.

Rundt halv to skal ein mann og ei kvinne ha slått til ein annan mann og ei kvinne.

– Vi fekk kontroll på partane, og dei to vil bli meldt for å ha laga bråk på arrangementet, seier Tor-Andre Gram Franck, operasjonsleiar i politiet på Sunnmøre til NRK.

Festivalbuss ramponert

I tillegg blei ein festivalbuss ramponert og eit bensinaggregat stole, og fleire personar hamna i fyllearresten fordi dei var overstadig rusa.

Politiet måtte likevel ikkje sette inn ekstra mannskap for å ta seg av alle hendingane på konserten.

– Nei, det var nok å gjere, men vi greidde oss med den bemanninga som var planlagt, seier Gram Franck.

Natt til søndag var TV 2 i kontakt med Kim Erik Lillestøl, trommeslager i Vassendgutane.

– Eg så det var litt styr under konserten, men ikkje noko meir enn det brukar å vere på ein bygdefest. Det verkar som om vaktene hadde god kontroll på alle situasjonane som oppstod, skriv Lillestøl i ein SMS til kanalen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL