Hopp til innhold

Varslar permitteringar

Optimar har sendt ut varsel om permittering for 65 tilsette ved fabrikkane på Valderøya og Stette på Sunnmøre. Grunnen til permitteringsvarsla er usikkerheit om kva følgjer krigen i Ukraina og sanksjonar mot Russland vil ha å seie for bedrifta. Optimar leverer fiskehåndteringsløsingar og prosessutstyr til fartøy, fiskemottak og oppdrettsnæringa.

– Krigen har ført til stor usikkerheit rundt både råvareprisar og framtidige oppdrag, seier SVP HR & Organization, Lene Flem Debess til NRK.