Hopp til innhold

Bilistar møtte på ullgris på ville vegar: – Det var litt sirkus

Ein hårete mangalitsagris skapte kaos i trafikken då den hoppa av eit køyretøy på Nordmøre.

Ullgris på rømmen på Nordmøre

Ein såkalla ullgris skapte trøbbel i trafikken på Nordmøre då den hoppa av eit lasteplan.

Foto: Jan Arve Ødegård

Politiet i Møre og Romsdal fekk tysdag ettermiddag ein litt spesiell melding. Ein såkalla ullgris blei observert mens den hoppa av ein lasteplan på Bergsøy i Gjemnes kommune.

Bilføraren skal ha køyrt vidare, og har truleg ikkje merkt nokon ting.

Då Jan Arve Ødegård køyrde i området, støytte han på ei kø. Fleire bilar stod stille i kvar ende, medan den berømte grisen vandra midt i mellom.

– Eg var først litt redd det var eit sint villsvin, men det var det heldigvis ikkje, seier Ødegård til NRK.

Jan Arve Ødegaard

Jan Arve Ødegård synest ikkje grisen såg skadd ut, og trur den ikkje kan ha falle av i stor fart.

Foto: Privat

Forsøkte å fange dyret

Pensjonisten jobba tidlegare som journalist i avisa Tidens Krav, som først omtalte saka. Han var naturleg nok derfor raskt ute av bilen for å ta bilde medan nokre andre sjåførar prøvde å fange grisen.

– Ein som køyrde lastebil hadde funne fram lastestropp for å fange den. Han gjorde gjentatte forsøk, medan grisen sprang fram og tilbake, seier Ødegård.

Laster Twitter-innhold

Til slutt klarte han å få stroppen rundt hovudet på ullgrisen.

– Då skreik grisen som om den var på tur til slaktebenken. Det var litt sirkus medan det stod på.

Det var det likevel ikkje hjelp i. Grisen kom seg laus og løp ut på jordet. Då køyrde bilistane raskt medan moglegheita var der.

Ullgris på rømmen

Ullgris, eller mangalitsasvin som det også blir kalla, er mest vanleg i Ungarn og Søraust-Europa. Nokre norske gardar driv også med den.

Foto: Jan Arve Ødegård

Etterlyste gris og eigar – så dukka den opp

Politiet blei ikkje kontakta av eigaren i ettertid. Ikkje av grisen heller, som dei forsøkte å lokalisere.

– Vi har vore ute og søkt etter grisen sjølv. Vi har også vore i kontakt med bønder som har vore ute og leita, seier operasjonsleiar Per Åge Ferstad.

Per Åge Ferstad, operasjonsleiar i politiet

Operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt, Per Åge Ferstad.

Foto: Silje Steinnes Bjerknes / NRK

Seinare kom ein bonde over grisen, som hadde tatt seg inn på jordet hans. Då tok eventyret slutt for det hårete dyret.

– Eg hjelpte til med å fange grisen. Den hadde nokre sår men såg ikkje ut til å vere alvorleg skadd, seier John Reidar Berge til tk.no.

Laster Twitter-innhold

Stiller spørsmål ved transportmetode

Personen som frakta grisen dukka opp på garden hans og henta grisane. Han trur det var kjøparen, men fekk ingen informasjon om kven dette var. Ein han trur var seljar av grisen kom også innom.

– Det var bra at det blei løyst, men det er tydeleg at det ikkje er rett måte å transportere dyr på. Det er ikkje bra at sånne ting skjer, seier Ferstad i politiet.

Han har ikkje opplevd før at dyr under dyretransport har falle av.

– Dyretransport går føre seg helst i lukka lastebilar eller vogn. Det må iallfall vare slik at dei ikkje kan falle ut/hoppe ut.

Les også: