Hopp til innhold

Trollstigen opna etter fire timar

Ein tysk turistbuss køyrde seg fast, men no er vegen opna att etter fire timar.

Den tyske bussen blei ståande fast i Trollstigen.
Foto: Ottar Rydjord.

Den spektakulære vegen var fullstendig sperra for all trafikk, og det stod omlag 50-60 bussar og bilar og venta| i begge endar av vegen.

Bom stopp!
Foto: Ottar Rydjord

Tysk turistbuss

Det var ein tysk turistbuss som køyrde seg fast. Bussen hadde kutta svingen for mykje. Bakparten hadde kilt seg fast. Bakhjula hang i lufta, og sjølve bakparten på bussen hadde køyrt seg fast i asfalten.

Det er vanskeleg å få laus bussen.
Foto: Ottar Rydjord

Ingen av passasjerane vart skadde.