Sist fredag kunne Statens Vegvesen endeleg opne Trollstigen. Turistane stod klare og venta på å få køyre ein av landets mest populære turistvegar.
Dei populære svingane blei opna for sommaren litt seinare enn det som er vanleg i år. Mykje is og skavlar i fjella har gjort vegen utrygg, og ras har og sett sine spor på vegbana.
Isen gjer store skadar i vegkanten på Trollstigen.
Seksjonsleiar Ivar Hoel i Statens vegvesen seier det er utrulege krefter som blir slepte laus når isen dundrar nedover fjellsidene. Vegkantar med sterk betong og mykje armering blir knust når i isen losnar i fjellet over vegen.
Når opnininga kjem litt seinare enn vanleg i år, er det fordi det har vore ekstra mykje is som har truga ferselen og som først måtte sprengast vekk.
Men turistane let seg ikkje skreme av at det enno er litt is igjen i fjella. Naturen her er spektakulær og av og til vanskeleg å styre.