Tre får ikkje erstatning
To av fem søsken får erstatning frå Hareid og Ulstein kommune på Sunnmøre i den såkalla Øvrelid-saka.
Søskena har saksøkt Ulstein kommune for at ingen instansar greip inn då dei vaks opp med fysisk og psykisk mishandling i heimen på 1960-, 70- og 80-talet. Dei to yngste søskena har også saksøkt Hareid kommune, dit familien flytta etter at mora omkom i ei trafikkulukke i 1977. Der held mishandlinga fram. Det er desse to søskena som no får erstatning.
Saka har vore fleire rundar i retten og blei nyleg behandla på nytt i lagmannsretten.