Hopp til innhold

Tore Løkke AS skal rydde opp på eigedommane til Miljøservice Eide

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har tildelt oppryddingsarbeidet på eigedommane til Miljøservice Eide til entreprenørfirmaet Tore Løkke AS.

Det skriv dei i ei pressemelding.

I 12 år fekk tonnevis med søppel og farleg avfall ligge nesten urørt på tomta til avfallsbedrifta på Nordmøre. Trass i fleire pålegg om å rydde opp.

Det er allereie gjort ein stor jobb med å rydde opp i avfallet. Men framleis ligg det mykje søppel både på og under terrenget.

Prisen på oppryddinga er sett til 129 millionar kroner. Det er tildelt 26,3 millionar kroner til arbeidet i 2025.

«Ein viktig jobb no er å sortere innhaldet i vollane i anlegget. Reine jordmassar skal sorterast ut, medan jordblanda avfall blir flytta til eit tildekkingsområde» skriv Statsforvaltaren i pressemeldinga.

en haug med søppel med en rød bøtte og en person som står i bakgrunnen
Foto: Eirik Haukenes / NRK