Hopp til innhold

Tidenes hurtigrutepassasjer heidra på 80-årsdagen

Han har desidert Noregsrekorden i talet på hurtigruteturar. Det er lenge sidan han passerte 1000 turar. I dag blei han heidra på 80-årsdagen.

Jan Arild Hagen blir overraska på 80-års-dagen

Tilsette på hurtigruta «Kong Harald» laga flaggborg då det blei arrangert overraskingsselskap for hurtigruteentusiast Jan Arild Hagen på 80-årsdagen.

Foto: Terje Reite / NRK

Han trudde det skulle bli ein heilt vanleg tur for å besøke hurtigruta «Kong Harald» på 80-årsdagen. Eit lite forvarsel fekk han nok då han blei møtt av hotellsjefen på landgangen laurdag. Men at det skulle bli honnør, flaggborg, talar og song kom heilt uventa på han.

– Eg skjønte etter kvart at det skulle bli ei overrasking. Så det var så spennande å kome om bord. Det er veldig flott, veit du, seier Jan Arild Hagen midt i alt oppstusset.

Jan Arild Hagen blei feira på 80-års dagen

Jan Arild Hagen blei overvelda over mottakinga han fekk på hurtigruteskipet «Kong Harald» laurdag.

Foto: Terje Reite / NRK

Då hurtigruta feira 120-årsjubileum i 2013 blei Jan Arild Hagen kåra til «Tidenes hurtigrutepassasjer». Den gongen sto han på 931 turar, noko som blei utropt tli verdsrekord. Den rekorden blei knust kort tid etter. Turane har kanskje kome litt mindre tett dei siste åra. I loggboka si har han no kome opp i 1071 turar.

Les også Her tar han hurtigrutetur nr 1000

Jan Arild Hagen

Nokre av dei er turar i lokal-området, for eksempel mellom Ålesund og Geiranger. Men han har også eit godt knippe med fullstendige rundturar på heile kysten.

«Kong Harald» er favoritten

Det er hurtigruteskipet «Kong Harald» som er favoritten til Jan Arild Hagen. Det var det første skipet av dei «nye» hurtigruta som blei bygde på nitt-talet. Dette skipet blei levert i november 1992. Og i dag var det nettopp om bord i dette skipet at 80-åringen blei heidra.

– Det er overraskande at det skulle kome så mange, seier Jan Arild Hagen og ser ut over restauranten på dekk 7.

Eit hundretals personar frå familie, vener og kjenningar hadde kome.

Jan Arild Hagen blei feira på 80-års-dagen

Familien var hjarteleg til stades under feiringa av åttiårsdagen.

Foto: Terje Reite / NRK

– Bidreg med entusiasme og lokalkunnskap

Det er ikkje berre dei mange turane med hurtigruta som gjer Jan Arild Hagen spesiell. I fleire tiår har folk i Ålesund nærast kunne stille klokka etter han, der han har reist med sykkelen sin frå Borgundveien, ut mot bysentrum og bort på Skansekaia for å ta imot hurtigruta.

Jan Arild Hagen ble kåret til tidenes passasjer.

Jan Arild Hagen blei kåra til tidenes passasjer.

På kaia har han ytt god hjelp med å fortøye skipa og han har levert aviser og anna smågods til butikkane om bord.

– Jan Arild Hagen har vore ein del av hurtigruta og bymiljøet i Ålesund i mange, mange år. Han har vore til hjelp på kaia og han har gjort mange turar svært interessante. Eg vil trekkje fram turane til Geiranger der han har krydra turane med mykje lokalkunnskap. Vi set stor pris på å ha han med som guide, seier kaptein på «Kong Harald», Leif Ven.

Kaptein på hurtigruta Kong Harald Leif Ven

Kaptein på «Kong Harald» er full av lovord om entusiasmen og kunnskapen Jan Arild Hagen bidreg med på hurtigruteturane.

Foto: Terje Reite / NRK

– Ein ressurs

Kaptein Leif Ven understrekar at det ikkje berre er slik at hurtigruta gjer stas på Jan Arild Hagen. Hovudpersonen her yter også ein verdifull innsats seier han.

– Han medverkar til kunnskap og entusiasme for området her. Det handlar både om verdsarvfjordane inn mot Geiranger og ikkje minst Hjørundfjorden med mellom anna Urke. I produktutviklinga vår har han vore til hjelp for oss med å bli merksame på kva verdiar som ligg i dette området, seier Ven.

– Unik på alle måtar

Det var ein flokk vener som saman med familien tok initiativ til at Jan Arild Hagen skulle feirast på hurtigruta. Ein god del av venene har som tradisjon å møtast om bord i hurtigruta. Ålesund er ein av byane i Noreg

– Han Jan Arild er unik på alle måtar. Både for byen Ålesund og for hurtigrutene. Og når åttiårsdagen blei på ein laurdag, då måtte vi lage litt «styr». Eg vil først og fremst trekke fram at han har så mykje kunnskap både om byen Ålesund og hurtigrutene. Der er han rett og slett unik, seier ven og initiativtakar, Ketil Wigen.

Ketil Wigen

Ketil Wigen tok initiativet til feiringa av årri-åringen.

Foto: Terje Reite / NRK

– Kysten er fantastisk

For Jan Arild Hagen begynte interessa for hurtigrutene då han var 13 år gamal. Han skulle til Bergen på eit tannlegebesøk. Og på denne turen med hurtigruta frå Ålesund til Bergen og heim att blei interessa vekt.

– Det er så flott å reise med hurtigrutene. Det er kysten som er så flott. Det er så fint å sjå alle skipa vi møter. Og fyra og alle lyktene som viser leia, seier Jan Arild Hagen på den store dagen.

Feiring av Jan Arild Hagen sin årriårs-dag

Det var ein stor og fin flokk som deltok i feiringa av åttiårsdagen til Jan Arild Hagen.

Foto: Terje Reite / NRK

Les også – Dette kunne ikkje ha blitt betre

Jan Arild Hagen