Hopp til innhold

Thon-hotell vert nekta å flagge for pride

Tilsette ved Thon-hotell har fått beskjed frå leiinga om å ikkje heise regnbogeflagg i juni. Det skriv TV2. Mange bedrifter markerer pridemånaden juni ved å heise regnbogeflagg, men det skal altso ikkje Thon-hotella.

Tillitsvalde reagerer på avgjerda frå leiinga, som argumenterer med at avgjerda er teken for at selskapet skal vere nøytrale.

Det er Thon-hotell fleire stadar i Møre og Romsdal, mellom anna i Surnadal, Kristiansund, Molde, Ålesund og Fosnavåg.

Eit raudt flagg med "Thon hotels" på vaiar utanfor thonhotellet i Ålesund sentrum.
Foto: Remi Sagen / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL