Hopp til innhold

Heile Ålesund sentrum ramma av straumbrot

Kortslutning i ein trafostasjon førte til at nesten 10 000 husstandar miste straumen. No har straumen kome tilbake.

Brann i trafo i Ålesund førte til at heile Ålesund sentrum mistet straumen tysdag føremiddag

Brannvesent var på plass utanfor trafostasjonen som kortslutta i Ålesund sentrum

Foto: Remi Sagen / NRK

Heile Ålesund sentrum, frå Volsdalen og vestover, blei ramma av straumbrot i 9-tida tysdag. Årsaka var kortslutning og røykutvikling i ein trafostasjon.

Like før klokka 11 har husstandane fått tilbake straumen, opplyser Mørenett.

Rune Kiperberg, dagleg leiar i Mørenett, seier at dei ser alvorleg på saka.

– Det er ein alvorleg feil når i underkant av 10.000 kundar mister straumen. Vi vil gjere ei intern gransking, seier Kiperberg.

Årsaka til straumstansen skal ha vore ein feil på ein elektrisk brytar i trafostasjonen. Dette førte til ei større kortslutning med røykutvikling.

Må lufte ut røyken

Det var først 9782 husstandar som var utan straum. Like etter klokka 10 fekk dei som bur på Slinningsodden og søre delar av Hessa tilbake straumen. Klokka 10.52 skal alle straumkundane ha fått tilbake straumen.

Mørenett kunne ikkje kartlegge skadeomfanget før brannvesenet hadde lufta ut trafostasjonen.

– Vi måtte vente til stasjonen var fri for røyk og gass, før vi kunne sende inn folk. Så snart vi fekk trygge forhold, la vi om straumforsyninga, seier Kiperberg.

Giftig røyk

Ingen vart evakuerte, men politiet bad bebuarar late att vindauge og trekke seg unna røyken.

– Det er ofte giftig røyk når det er varmgang i elektriske installasjonar, sa innsatsleiar i politiet, Stian Henningsen.

Stian Henningsen er innsatsleiar i politiet

Stian Henningsen i politiet seier at folk må halde seg unna røyken.

Foto: Remi Sagen / NRK

Gata var sperra for å unngå at folk fekk i seg røyk, men er no open att.

Miste vatnet

På grunn straumstansen har fleire husstandar i høgtliggande område i Ålesund også mista vatnet. Det opplyser Ålesund kommune.

.

Laster Twitter-innhold

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL