Hopp til innhold

Steinras stengde igjen ein av Noregs mest rasutsette vegar

Laurdag gjekk det eit steinras på fylkesvegen mellom Grodås til den vesle bygda Otterdal, som igjen blei isolert.

Ras i otterdal 4

Raset i Volda.

Foto: Ståle Raftevold

Fylkesveg 5829 mellom Grodås og Otterdal i Volda blei stengd laurdag ettermiddag etter at det gjekk eit steinras på vegen. Han er blant dei mest rasutsette vegane i landet.

Ifølgje vitne skal det ikkje ha vore nokon i nærleiken då raset gjekk.

Det var Fjordingen som først omtalte raset.

Vegen er også den einaste som går inn til Otterdal, derfor blei bygda isolert.

Kl 18.18 melder Vegtrafikksentralen at vegen er opna igjen etter at entrepenør har vore der og rydda.

– Det såg ikkje så veldig fint ut. Det var ganske store steinar som kom ned, og raset hadde ein breidde på hundre meter.

Det seier Ståle Raftevold, som sjølv bur i Otterdal.

Ras i otterdal 3
Foto: Ståle Raftevold

– Hadde nokon kome inn i det raset, ville det truleg ha gått liv. Det er det ikkje tvil om, meiner han.

Dei har vore isolerte mange gonger, og har etterlyst rassikring. Ifølgje Raftevold blir det lova kvar gong det går eit ras, så høyrer dei ikkje meir.

– Korleis kjenst det?

– I dag var det mykje bilar og folk som var ute og bada. Det gjekk kanskje under eit minutt frå raset gjekk til det var bilar som kom, så det var ganske nær denne gongen.

Ras i otterdal 5
Foto: Ståle Raftevold