Hopp til innhold

Sjå kva forskarane fann: Børstemakken kan stengje og låse døra si

Mørebankane kan bli eit av dei neste områda for olje- og gassutvinning etter Lofoten og Vesterålen. No er havbotnen kartlagt. Havforskingsinstituttet fann eit spennande dyreliv.

Børstemakk

Ein børstemakk i dyregruppa Serpuliade. Ut av fangstkruna stikk ei rund plate. Denne plata kan børstemakken bruke til å stenge inngangsdøra si ned.

Foto: Havforskingsinstituttet / Mareano

Havforskingsinstituttet er no ferdige med kartlegginga av dei siste bitane av havbotnen på Mørebankane. Dei fann eit variert dyreliv, med område der det har gått store skred og eit omfattande undersjøisk sletteland.

Børstemakk

Samanlikn dette biletet med det øvste biletet. Her har børstemakken stengt inngangsdøra si.

Foto: Havforskingsinstituttet / Mareano

Det er forskingsfartøyet G.O. Sars som har gått området på kryss og tvers med undersjøisk videoutstyr. Undersøkingane blei utført i prosjektet Mareano, som er eit samarbeid mellom Statens kartverk, Norges geologiske undersøkelse og Havforskingsinstituttet.

På toktet var det med både geologar og biologar. Geologane studerte den bratte og djupe Eggakanten, medan biologane let set fascinere av skogane med stilkblomster og botnområde der ulike svampar dominerte.

Mareano-funna gjev oss kunnskap om kva biotop og naturtypar som finst på og ved blant annan Mørebankane, der silda har sitt viktigaste gyteområde, heiter det i ei pressemelding frå Mareano.

Corymorpha

Denne hydroiden blei funnen på 1000 meters djup. Han ber det flotte namnet corymorpha

Foto: Havforskingsinstituttet / Mareano

Nokre funn er meir oppsiktsvekkjande enn andre. Blant anna fann forskarane ein børstemakk av typen Serpulidae. Denne makken kan raskt trekkje seg inn i røyrhuset og lukke og «låse» døra etter seg når farar trugar.

Denne børstemakken er berre nokre få centimeter lang og filtrerer mat frå botnvatnet ved hjelp av den iaugefallande krona, skriv Mareano.

På eit tidspunkt fekk forskarane også oppleve kor kraftige dei oppadgåande straumane langs Eggakanten kan vere. Mareano karakteriserer hendinga som dramatisk.

– Den kostbare videoriggen velta på grunn av dei sterke botnstraumane. Etter nokre nervepirrande minutt fekk heldigvis operatøren riggen på rett kjøl att, utan skadar på instrumenta. Dette er eit tydeleg prov på at bonstraumane ofte er sterke langs botnen oppover og langs sokkelskråningane, skriv Mareano.

Korall

På botnen av Mørebankane er det også fantastisk flotte korallar.

Foto: Havforskingsinstituttet / Mareano

I samband med toktet kartla Statens kartverk djupnene på Mørebankane. Desse målingane er med i førebuingar i området til neste år.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL