Manetinvasjon langs norskekysten

Trass i sommarvarmen har mange droppa å kaste seg i sjøen i frykt for å bli brent. Denne sommaren opptrer nemleg brennmanetene i store flokkar.

Brennmaneter

Brennmanetar kan irritere veldig, men dei fører svært sjeldan til stor fare. Uhyggelege, ekle og skumle kan dei derimot vere.

Foto: Stian Lysberg Solum / SCANPIX

Jan Helge Fosså

Jan Helge Fosså er forskar og marinbiolog ved Havforskingsinstituttet.

Foto: Rune Fossum / NRK

Langs heile norskekysten er det problem med store mengder brennmaneter, fortel Havforskingsinstituttet.

– Dei første meldingane om store maneter kjem ofte på Sørlandskysten, og gjerne i Oslo-området. Så får vi meldingar frå Stavanger og Ryfylke, og så kjem dei nordover, fortel Jan Helge Fosså.

Han er forskar og marinbiolog ved Havforskingsinstituttet, og fortel at problemet med store brennmaneter og brennmaneter i flokk breier seg oppover langs kysten.

– Det kan tyde på at det er store mengder maneter i kyststraumen. Desse kjem i varierande mengd inn til kysten fleire stadar. No er dei komne til Nordmøre, seier Fosså til NRK.

Saka held fram under bildet.

Jenter på Volsdalsberga

På Volsdalsberga i Ålesund står sola høgt på himmelen, og jentene er klare for å bade. Maneter såg dei heldigvis få av denne sommardagen. F.v.: Ada Aasmo Aarseth, Mariann Kebede Brekstad, Caroline Silseth og Iris Àslaugardòttir Mork.

Foto: Maria Holand Tøsse / NRK
Bading

Brennmanetene stima ikkje til Volsdalsberga i Ålesund. Dermed var alt klart for å bade.

Foto: Maria Holand Tøsse / NRK

– Dei er veldig ekle

Etter varierande sommarvêr har også sola treft mang ein stad i Noreg, og folk strøymer til badeplassane. Frykta for brennmanetene er avgrensa, men dei geléaktige nesledyra står ikkje høgt i kurs.

– Eg likar dei ikkje, slår Ada Aasmo Aarseth fast.

Saman med venninnene Mariann Kebede Brekstad, Caroline Silseth og Iris Àslaugardòttir Mork har ho tatt turen til Volsdalsberga i Ålesund.

Før jentene hoppa i sjøen såg dei kjapt etter maneter, men heldigvis var sjøen klar. For både brenn- og glasmaneter vil dei unngå.

– Dei er veldig ekle å sjå på, meiner jentene.

Mykje mat i sjøen

Store og skumle er også ord jentene brukar om manetene. I store klasar kan dei bli svært så uhyggelege.

Brennmanet

Lange, stikkande trådar.

Foto: Johannessen, Tor Andre / NTB scanpix

Nokre av årsakene til manetinvasjonen langs kysten er mykje mat i sjøen og raude tal på gradestokken, fortel Fosså ved Havforskingsinstituttet.

– Mengdene er ofte avhengige av vêr, vind og straumforhold. Pålandsvind og frålandsvind har ein del å seie. Vind kan då føre store vassmassar med maneter inn til kystnære område.

Ei forklaring på ekstreme mengder maneter i ein gjeng er at straumar møtest.

– Dei blir akkumulerte i bakevjer og langs straumrastar eller der straumane møtest. Det kan vere ei forklaring på kvifor det er så mange maneter akkurat nokre stadar.

– Det same er at det er ein tendens til at dei samlar seg i hamnebasseng og badeviker, der vi gjerne ser dei mest og føler problemet er størst, fortel marinbiologen.

Volsdalsberga

På badeplassar, der vatnet kan vere hakket varmare, blir eit manetproblem fort langt meir synleg. Her, på Volsdalsberga i Ålesund, har dei sleppt unna dei verste manetklasane.

Foto: Maria Holand Tøsse / NRK