Sirkuset peikar mellom anna på at det vert er for trongt for elefantane i førestillingane.
Mellom anna på grunn av tettare bysentrum og grusbaner som vert bygde om til kunstgras.
– Mange av stadene vi besøkjer i Norge har begrensa storleik. Etter sesongen i fjor fann vi ut at vi vil vise fram fleire dyr. Då må elefantane vike, seier Are Arnardo til NRK.
NOAH jublar
– Dyr og dyrevelferd er viktig for oss. Det er av plassomsyn til dyra at vi no vel å pensjonere elefantane. For vi ynskjer framleis å kunne takke ja når vi vert invitert til bygd og by, seier Arnardo.
Dyrevernorganisasjonen NOAH har lenge vore kritisk til bruk av dyr i sirkus. No er dei glad for at sirkuset droppar elefantane.
– Elefantar høyrer ikkje heime i sirkus. Det har NOAH og ei rekkje faginstansar sagt i fleire år. At politikarane framleis ikkje har teke dette innover seg er ei skam, seier veterinær i NOAH, Siri Martinsen.
– Treng større plass
Ho håpar ikkje at Cirkus Arnardo stoppar med dette.
– NOAH håpar sjølvsagt at dette er Arnardo sitt første skritt mot framtidas dyrefrie sirkus. Vi er heilt einige med Arnardo at elefantar treng større plass enn eit sirkus kan gi. Men også hestar, kamelar, lamaer og andre dyr treng bevegelsesmoglegheiter, seier Martinsen.
Are Arnardo avviser at det er kritikken frå dyrevernorganisasjonar som gjer at dei droppar elefantane.
– Det har det ikkje. Elefantane har hatt det bra, seier Arnardo.
Pensjonerer elefantar
Elefantane som har vore med på Cirkus Arnardo blir no plassert i andre sirkus, eller i dyrehagar.
– Dei vi har hatt er i engasjement andre stader i Europa. Dei held fram med å jobbe der dei er. Så er det nokre elefantar som har nådd pensjonsalder som vil bli sett til dyreparkar og andre safariparkar i Sør-Europa, seier Arnardo.
Sirkus Arnardo startar sesongen i Arendal 15. mars.