Hopp til innhold

Gardslivet skal gje demenssjuke eit rikare liv

På gardsbruk rundt om i Noreg får menneske med demens oppleve av dyr, ro og sunne aktivitetar. Det kan vere eit viktig verktøy når vi blir stadig fleire med slike utfordringar.

Demensopphald på gard, "Inn på Tunet". I Surnadal.

Landlege gardsbruk er trygge og spennande omgjevnader for menneske med demens. Eit nytt prosjekt skal sjå på korleis ein kan utnytte dette betre.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

På ein gard i Surnadal sit Inger Margrethe Beckstrøm (64) og sett ulike blomar i ei potte. Å røre i jorda gjer godt, medan hunden Jipsie spring rundt på golvet.

Bøndene Helga Bele og Solveig Haglund har kvar sine gardsbruk der dei gir dagtilbod til menneske med demens og annan kognitiv svikt i kommunen. Der får deltakarane høve til å delta i gardslivet, og gjere dei aktivitetane som passar dei.

– Eg gler meg kvar veke til det skal bli tysdag. Dette er ein så berikande stad å kome til, med så mykje å oppleve, seier Beckstrøm.

Demensopphald på gard, "Inn på Tunet". I Surnadal. Inger Margrethe Beckstrøm.

Inger Margrethe Beckstrøm (64) elskar livet på gard. Ho har MS, og synest besøka her har mykje å seie for å bearbeide sjukdomen hennar.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Beckstrøm strålar medan potteplanta blir til, mens Bele gir tips om å ha endå fleire i. På nettbrettet har dei site og sett på kalvinga, og dei diskuterte kva ungen skulle heite.

Rundt 100.000 nordmenn er ramma av demens. Det talet vil truleg bli dobla innan 30 år, som følgje av eldrebølgjen og at vi lever lenger. Helseministeren kallar det ein større krise enn koronapandemien.

Demens er eit omgrep for ei rekke sjukdommar som fører til kognitiv svikt, altså at hjernen på mange måtar fungerer dårlegare.

Bøndene Helga Bele og Solveig Haglund

Mange gardar i Noreg tilbyr verldferdstenester gjennom samarbeidet «Inn på tunet». Helga Bele og Solveig Haglund driv kvar sine på Nordmøre.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Vil finne nye løysingar på garden

No samarbeider bøndene i Surnadal med Helseinnovasjonssentret i Kristiansund, eit forskingssenter som jobbar med nettopp å finne løysingar på helseutfordringane samfunnet står overfor.

Forprosjektet har fått støtte frå Innovasjon Norge og ser på korleis ein i større grad kan utnytte slike private gardar til å gje ein betre demensomsorgen.

– Vi veit at denne typen aktivitetar, er viktig både for å førebyggje demens. Det er avgrensa kor mange slike tenester ein kan gjere i den offentlege helsetenesta i dag, dei har altfor mange oppgåver, seier nevrobiolog Bjarte Løfaldlie på Helseinnovasjonssenteret.

Nevrobiolog Bjarte Bye Løfaldlie

Nevrobiolog Bjarte Bye Løfaldlie er forskingsleiar på Helseinnovasjonssenteret.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Gardstilbodet skal blant anna bli utvida for kunne ha overnatting for å gje dei som får sjukdomen i relativt ung alder eit tilbod. Tanken er at dei skal kunne bu seg på å leve med sjukdomen tidleg i løpet, gjerne med dei pårørande.

Prosjektet får også applaus frå Helse og omsorgsdepartementet. Dei la nyleg fram Demensplan 2025, som blant anna tar opp at fleire er i for lite aktivitet.

– Vi veit at fleire unge med demens saknar gode og tilpassede aktivitetstilbod, derfor er det veldig bra at det også utvikles tilbod retta spesielt mot unge, seier statssekretær Maria Jahrmann Bjerke (H).

Maria Jahrmann Bjerke, statssekretær

Maria Jahrmann Bjerke er statssekretær i Helse og Omsorgsdepartementet. Ho kallar demens eit av dei største globale utfordringane verda står overfor.

Foto: Helse og omsorgsdepartementet

Skal lære å bruke teknologi på garden

Dei vil også bruke dei trygge og rolege omgjevnadene til å introdusere helseteknologi, slik at dei blir kjend med og meistrar desse tidleg. Prosjektet siktar også på å ta i bruk ny teknologi.

Døme på slike hjelpemiddel kan vere GPS, medisindispensar, lyssensorar og varslingssystem. Løfaldli meiner det finst mykje teknologi som er tilgjengeleg, men at det er ein veg å gå når det gjeld tilpassing.

– Vi vil ta i bruk teknologien så tidleg som mogleg i sjukdomsforløpet. Gjere det til ein del av kvardagen, så ein blir vane med og komfortabel med å bruke det, seier Løfaldli.

GPS-DEMENS-181120-NO

Det finst mykje velferdsteknologi for menneske med demens. Til dømes GPS-utstyr som kan vere nyttig om nokon går seg bort.

Ville vore einsam utan

Tilbake på garden har dei ete ein god middag saman, og har diskutert lokale dialektuttrykk. Latteren heng høgt, spesielt hos Inger Margrethe Beckstrøm.

– Å kome hit er herleg, for her kan du kome som du er. Viss eg ikkje kunne kome hit hadde eg vore veldig einsam, seier 64-åringen, som blei «tildelt» MS for mange år sida.

Tenker du at det gjer deg friskare?

– Ja, det gjer meg veldig mykje friskare. Det å plukke bær, gå ut i fjøset, gå på tur, då brukar eg kroppen på ein måte eg elles ikkje ville ha gjort, svarar Beckstrøm.

Inn på tunet-tilbod i Surnadal.

Middag på «Inn på tunet»-garden i Surnadal. Diskusjonen om kva nyfødd kalv skal heite førte til latter.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL