Hopp til innhold

Satsa tryggleiken for kjærleiken

Sykkeldekka knasar mot den gruslagd bygdevegen i mainatta 1940. 22 - åringen trør den gamle damesykkelen alt han klarer. Han må straks nå tak i jenta han er glad i, og få henne til å flykte i lag med seg.

Rannveig og Oddmund Davik

Ranveig og Oddmund Davik satsa på kjærleiken trass krig og uvisse om framtida. Under dei fem krigsåra på Island kunne dei av og til også kose seg med kaffi og kaker på ein brodert, kvit duk. Her slappar dei av i friluftsområdet Vaglaskog.

Foto: Privat

Oddmund Dravik er ute i sitt livs viktigaste ærend. Om to- tre timar skal han og heile familien flykte vest i havet, mot ukjent mål. Krigen tvingar dei til å reise frå landet med fiskebåten Koralen. Oddmund stiller eitt vilkår for å bli med; også kjærasten Ranvig må bli med. No syklar han åtte kilometer for å overtale henne til å bli med.

Det vanskelegaste valet

Mainatta har alt senka seg over Skulstad i Haram der Ranveig Bjørlykhaug på 21, er tenestejente på eit småbruk. Der har ho vore sidan krigen braut ut for tre veker sidan. Oddmund bankar på gangdøra i det eit neste døgnet tek til.

– Eg hadde inga aning om kva han ville. Men han fekk meg til å ta mitt livs vanskelegaste val, fortel Ranveig Davik, 75 år seinare.

Slik startar historia om ein del av den lokale krigshistoria som i dag er lite kjent utanfor Brattvåg og heimekommunen Haram.

Fiskebåten Koralen frå Brattvåg

Dette er Koralen som Davik-familien rømde med frå Noreg og tysk tvangsteneste under krigen. 21 familiemedlemmer var om bord medan Molde, Kristiansund, Ålesund og Åndalsnes enno var under tysk åtak.

Foto: Privat

Kome seg vekk

Far til Oddmund, Nils Davik, er ein røynd fiskar, skipper og båteigar. Han er lommekjend på havet frå Storegga til Grønland, frå Færøyane til Island. Han fryktar dei tyske okkupantane vil tvinge den mest nye, havgåande båten inn i frakte- og transportteneste langs norgekysten. Å gå i tysk teneste er heilt utenkjeleg for Nils.

Difor vil han rømme frå landet med fiskebåten. Han vil ha heile familien med: kona Johanne, dei seks sønene, døtrer, svigerbarn og fem små barnebarn. Den yngste er ein baby på berre to månader.

Sjømine i sjøkanten på Island

Sjømine som fiskebåten Koralen leitt opp og detonerte på Island under krigen. Tallause miner tok karane opp gjennom fem krigsår i teneste for Nortraship.

Foto: privat

Siste tidsvitnet

Ranveig Bjørlykhaug Davik er einaste attlevande tidsvitnet som var vaksa, då dette hende for 75 år sidan. I dag nærmar ho seg 96 år og fortel for første gong om opplevingane gjennom fem krigsår under ein annan himmel enn fedrelandet.

Over 20 andre fiskebåtar frå Vestlandet – dei fleste frå Sunnmøre – flykta frå Noreg vårdagane 1940. Alle ville dei kome unna tyskarane og unngå deira pålegg om å gå i okkupasjonsmakta si teneste. Dei fleste hadde med familiane sine på flukta. Til saman reiste fleire tusen til øyane vest i havet for å kome seg unna.

Brikker i det store krigsspelet

Dokumentaren handlar om vanskelege val livet bått kan stille, om kjærleik og uvisse, om kvardagslivet til kvinner og barn under ein annan krigshimmel enn fedrelandet. Det handlar om modig krigsinnsats frå fiskarar, om små brikker i det store krigsspelet utanfor landets grenser.

Dokumentaren er laga av Sissel Brunstad. Lyddesign ved Kjetil Hansen og konsulent Hege Dahl.

Høyr dokumentaren:

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL