Hopp til innhold

Eksport skal redde møbel­bransjen

Dei siste åra har det gått dårleg for møbelindustrien. No får møbelprodusentane innføring i korleis dei kan eksportere meir til utlandet.

Sergey Weber i Pla-mek lagar delar til Stressless.

STRESSLESS: Sergey Weber i Pla-Mek lagar delar til den verdskjende Stressless-stolen frå Ekornes.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Torsdag denne veka møttest fleire norske møbelprodusentar på kurs for å førebu seg til å auke eksporten til utlandet.

Gjennom prosjektet «Heile Noreg Eksporterer» skal norsk industri dermed få seg eit løft, og førebur seg til nedgang i oljeeksport.

Dette er fordi regjeringa ønsker å auke norsk eksport utanom olje og gass med 50 prosent innan 2030.

Og av bedriftene som samla seg, var heile åtte av ni frå Noregs møbelhovudstad – Sykkylven på Sunnmøre.

På Ekornes fabrikken i Sykkylven lages Stressless stolene å blir sendt ut til kunder i verden.

Stresslessen er eit kjend varemerke frå Ekornes på Sunnmøre.

Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

Ein bransje som slit

Møbelindustrien har vore under hardt vêr i fleire år.

– Møbelklynga på Sunnmøre, og spesielt Sykkylven, er utsett. Fleire av selskapa slit med svak økonomi etter nokre dårlege år. Selskapa i klynga er avhengige av kvarandre. Dersom nokre av selskapa blir svekkja eller forsvinn vil det raskt kunne bli alvorleg.

Det seier Runar Haugen, leiar for vareproduksjon og design i Innovasjon Noreg.

Runar Haugen er leiar for vareproduksjon og design i Innovasjon Norge.

Runar Haugen seier at fleire møbelprodusentar har slite økonomisk i fleire år.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Han meiner at auka eksport er den mest aktuelle løysinga på dette, og at det derfor er viktig å satse på eksporten framover.

Møttest i møbelhovudstaden

På vegner av regjeringa er det Innovasjon Noreg som har fått ansvar for å planleggje strategien for eksporten.

Derfor heldt dei kurs for ni møbelprodusentar, der åtte av dei kom frå Sykkylven.

Les også Varsler prisøkning etter Trump-toll

Ekornes og eksport

– Det er her det skjer mest, og så er det tydelegvis Sykkylvsbedriftene som er mest framme i skoa og tar i mot moglegheitene som kjem hit, seier Haugen

No ønsker dei å rette blikket austover.

– Tyskland er jo den største møbelmarknaden i Europa. Ikkje fordi det er lette tider der, men fordi det er det største potensialet. Vi førebur selskapa på å kome seg i gang i Tyskland, og då skal dei få praktisk og god hjelp til å førebu seg.

Runar Haugen og Petter Bunes på kurs. På fabrikken.

På kurset får dei innføring i fleire ting.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

– Eit veldig godt initiativ

Ein av bedriftene som har delteke på kurset, er Pla-Mek. Dei produserer plastdelar til ulike møblar.

Petter Bunes

Petter Bunes er dagleg leiar i Pla-Mek og er positiv til denne moglegheita.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Petter Bunes er dagleg leiar, og er spent på korleis det vil bli når dei byrjar å satse på den tyske marknaden.

– Det som kjem ut av satsinga i Tyskland er vi jo litt spent på, så det er jo læring for oss og eit veldig godt initiativ.

– Alle bedrifter har moglegheit til å utvikle seg, alltid, seier plastdelprodusenten.