Hopp til innhold

La fram omfattande kuttliste – politikarane fjernar dei fleste kutta

Fylkeskommunedirektøren i Møre og Romsdal ville leggje ned Tingvoll vidaregåande skule, kutte i ferjetilbodet og gjere det dyrare å reise med ferje og hurtigbåt. Men nesten alle kutta blir avvist av politikarane.

Fylkesordførar Anders Riise (H) og Monica Molvær (H) under budsjettdebatten i fylkesutvalget i Møre og Romsdal.

Fylkesordførar Anders Riise (H) og Monica Molvær (H) under budsjettdebatten i fylkesutvalet i Møre og Romsdal.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Vi er veldig glad for at politikarane kunne unngå ferjekutt denne gongen. Det er heilt avgjerande for å kunne ha eit livskraftig næringsliv slik at folk kan gå på jobb, og vi får frakta ut alle varene som vi eksporterer. Vi er eit stort eksportfylke.

Arnt Sommerlund i Aukra Næringsforum følgde spend med då politikarane i fylkesutvalet i Møre og Romsdal skulle behandle budsjettet. Eitt av dei meste dramatiske forslaga var det kraftige kuttet i tale på ferjeavgangar.

Dette rammar bedriftene på øyene hardt. Men Sommerlund kunne senke skuldrene. Alle dei foreslått ferjekutta blei nulla ut av politikarane.

– Dette har vore ein viktig kamp for oss. Vi har fått mykje støtte både frå næringslivet og frå politikarar. Det er veldig bra at dei har funne rom for å vidareføre dagens ferjetilbod.

Arnt Sommerlund i Aukra Næringsforum (til venstre) i samtale med fylkesordførar Anders Riise (H)

Arnt Sommerlund i Aukra Næringsforum (til venstre) i samtale med fylkesordførar Anders Riise (H)

Foto: Trond Vestre / NRK

Sa nei til å leggje ned skulen i Tingvoll

Det var ikkje mykje igjen av fylkeskommunedirektøren si kuttliste då politikarane hadde gjort seg ferdig ved 1430-tida tysdag. Eitt av forslaga var å leggje ned Tingvoll vidaregåande skule frå august neste år.

Det blir det ikkje noko av. I staden kjem det ein grundig gjennomgang av skule- og tilbodsstrukturen.

– For Venstre og for meg så er det sabla viktig å bevare skulen på Tingvoll. Eg har stått på for den. Dei fire partia som har fleirtal, har lagt til grunn av Tingvoll og alle dei andre skulane skal bestå, seier Pål Farstad (V).

Henrik Stensønes (Sp), ordfører i Tingvoll, Ingrid Waagen (Sp) og Pål Farstad (V) før møtet i fylkesutvalget i Møre og Romsdal i november 2024.

Ordføraren i Tingvoll, Ingrid Waagen (Sp) kan registrere at Tingvoll vidaregåande skule ikkje blir lagt ned i 2025. Her sit Waagan mellom Henrik Stensønes (Sp) og Pål Farstad (V).

Foto: Trond Vestre / NRK

Dramatisk

Men det var ikkje gitt at det skulle ende sånn. Den økonomiske situasjonen i Møre og Romsdal fylkeskommune har vore svært krevjande i 2024. Upopulære kuttforslag har kome på løpande band.

Det har blitt dyrare å reise med ferje og buss. Talet på lærarar i den vidaregåande skulen har vorte kraftig redusert. Det inneber at elevane får eit dårlegare tilbod. Og det har vore ein kraftig nedbemanning i administrasjonen.

Politikarane har skote ned mange av forslaga. Men dei har kome igjen. I budsjettforslaget som blei lagt fram i byrjinga av november, blei det brukt hard lut.

Kuttlista var lang og omfattande. Forslaget om å leggje ned Tingvoll vidaregåande skule førte til protestar og mobilisering lokalt.

Ferjekutta som blei foreslått, var omfattande og ramma hardt. Og næringslivet rasla med sablane.

Les også Vil leggje ned Tingvoll-skulen: – Heilsvart dag for Tingvoll, seier ordførar

Fylkeskommunedirektør i Møre og Romsdal Toril Hovdenak legger frem budsjett og økonomiplan i november 2024.

Regjeringa fekk takk

Men Møre og Romsdal fylkeskommune fekk 78 millionar kroner frå havbruksfondet og 34 millionar ekstra frå regjeringa både i 2024 og 2025. Pengane frå Havbruksfondet blir ikkje lagt inn av fleirtalet, men pengane frå regjeringa bidrar til å berge budsjettet.

I tillegg er Høgre, Frp, Venstre og KrF er samde om å gjere ei rekke mindre kutt.

– For ein gongs skuld vil eg sende ein takk til regjeringa. Dette kjem godt med. Men dette løyser ikkje problema på lengre sikt, sa Monica Molvær (H).

Dette er dei viktigaste punkta etter møtet i fylkesutvalet tysdag:

  • Tingvoll vidaregåande skule blir ikkje lagt ned i 2025
  • Alle dei føreslåtte kutta på ferjeavgangane i Møre og Romsdal blir fjerna
  • Ferjetakstane blir ikkje auka.
  • Hamnsund-sambandet blir vidareført, men politikarane vil sjå på organiseringa
  • Togbussen som fraktar togpassasjerar frå Nordmøre til Oppdal på rv. 70 blir lagt inn i budsjettet.
  • Tilskotet til Sundbåten blir opprettheldt.
  • Studiespesialiserande ved Hustadvika vidaregåande skule blir opprettheldt.
  • Prisen for Fram UNG blir auka, og aldersgrensa blir senka til 20 år.

Høgre ville eigentleg auke ferjetakstane slik fylkeskommunedirektøren hadde foreslått. For å markere dette fremma partiet eit verbalforslag. Men i budsjettet stemte Høgre i lag med dei tre andre fleirtalspartia.

Sundbåten i Kristiansund

Sundbåten i Kristiansund risikerte å igjen miste støtte. Men no er Sundbåten inne i budsjettet

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Lite imponert over fleirtalet

Men budsjettet som fleirtalet i fylkesutvalet går inn for, er svært stramt. Spelerommet for dei vidaregåande skulane er trongt. Og alle småkutta vil svi for dei det gjeld.

Og Jonas Maas Nilsen (MDG) var langt frå fornøgd med det fleirtalet la på bordet.

– Dette ser stygt ut. Det er ikkje kome nokon auke til dei vidaregåande skulane. Det inneber at kutta vil halde fram. Nok ein gong tapar skulane for samferdsel. Og no aukar dykk altså prisen på Fram UNG og set aldersgrensa ned.

Jonas Maas Nilsen (MDG) i fylkesutvalget i Møre og Romsdal november 2024.

Jonas Maas Nilsen (MDG) var lite imponert over fleirtalet under møtet i fylkesutvalet.

Foto: Trond Vestre / NRK

Og Nilsen ironiserte over samarbeidsavtalen mellom Høgre, Frp, Venstre og KrF som sprakk i juni.

– Først har dei ein samarbeidsavtale. Så seier dei at dei ikkje lenger har nokon avtale. Så blir det sagt i dag at dei har ein avtale, men fylkesordføraren seier til Romsdals Budstikke at dei ikkje har noko avtale. Og no får vi eit fellesforslag som kjem i siste liten.

Også Senterpartiet meiner at skulane betaler ein høg pris i dette budsjettet. Det er stramt no og det blir enda strammare neste år, fryktar Per Ivar Lied (Sp).

– Dei har gitt alt for mykje til samferdsel på bekostning av vidaregåande skule.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

Augekorallrev 2 Geiranger

Oppdaga stort korallrev i Geiranger­fjorden

Heidi Vebenstad sitter sammen med en stor gjeng damer ved et kafebord.

Kritisk etter regjeringens forslag til stats­budsjett: – De lover og lyver