– Dette gjer vi for å tilpasse oss nedgangen i elevtalet som vi veit vil kome. Skulen har 78 elevar og mange av desse pendlar inn til Tingvoll. Vi veit at vi kan gi desse elevane eit tilbod ved andre skular.
I føremiddag presenterte fylkeskommunedirektør Toril Hovdenak budsjettet for 2025 og økonomiplanen for dei neste fire åra. Budsjettet er stramt, kuttforslaga er mange, og talet på elevar går ned.
Å leggje ned i Tingvoll gir ei innsparing på 10 millionar kroner, men det er nedgangen i elevtalet i Møre og Romsdal som er hovudargumentet.
Under presentasjonen peika Hovdenak på at det blir ein forventa nedgang på 2000 elevar dei neste 15 åra. Stranda vidaregåande skule blir og foreslått som ei avdeling under Sykkylven.
Men fylkeskommunedirektøren seier dette berre er ein forsmak på tiltak som blir naudsynt i åra som kjem.
– Vi veit at nedgangen i åra som kjem, svarar til at vi skal redusere med ein skule i kvar av dei fire regionane våre. Skal vi ha eit godt tilbod til dei elvane som er igjen så er vi nøydd til å tilpasse strukturen vår til dei inntektene vi får.
Tingvoll vidaregåande skule blei foreslått lagt ned hausten 2004. No kjem forslaget om leggje ned skulen til neste år.
Foto: Per Kristian Bratteng, Møre og Romsdal fylkeskommune– Heilsvart dag for Tingvoll
Ordføraren i Tingvoll, Ingrid Waagen, seier det er eit enormt tap for Tingvoll om dei legg ned den vidaregåande skulen.
– Det er ein heilsvart dag for Tingvoll-samfunnet. Men vi skal mobilisere og gjere alt vi kan for at dette ikkje skjer, seier ho.
Ho fortel at Tingvoll vidaregåande skule er velfungerande med høg gjennomføringsgrad, og dei hadde også rekordhøge søkartal i år.
– Om ungdommen må sitte på buss til Kristiansund eller Sunndalen, så mistar vi dei her i Tingvoll. Det er ei katastrofe for oss.
Ho seier dei no skal gjere det som trengst for å bevare skulen.
Ordførar i Tingvoll, Ingrid Waagen.
Foto: Eirik Haukenes / NRKSenterpartiet seier nei
Å leggje ned skular er kontroversielt. I Innlandet fylke har forslaget å leggje ned to skular og fire skulestadar skapt rabalder. Og reaksjonane på å nedlegginga av Tingvoll vidaregåande skule lar ikkje vente på seg.
Fylkespolitikar Dordi Boksasp Lerum (Sp) seier hennar parti vil gå i mot ei nedlegging i Tingvoll.
– Tingvoll vidaregåande er ein skule som skårar godt på både trivsel og gjennomføring, og ei nedlegging vil føre til at fleire elevar nedi 15-års alder må sitje timevis på buss, eller flytte på hybel.
Boksasp Lerum meiner dette er eit forslag som vil ramme hardt.
– I ei tid med aukande ungt utanforskap er det uforståeleg at ein føreslår slike budsjettkutt som råkar barn og unge i distrikta hardt.
Dordi Boksasp Lerum (Sp) seier nei til å leggje ned Tingvoll vidaregåande skule.
Foto: Trond Vestre / NRKTøffe sparetiltak
Møre og Romsdal fylkeskommune er i ein krevjande økonomisk situasjon. Og dei største kutta som blir foreslått no, kjem innanfor samferdsel. Det er særleg hurtigbåt- og ferjetilbodet som ramma.
- Ferjeprisen blir foreslått auka med ei taktsone i 2025 og ein takstsone til i 2026.
- Hamnsund-sambandet blir foreslått lagt ned frå 2027.
- Hurtigbåttakstane blir foreslått auka.
- Prisen på ungdomskortet blir foreslått auka og det blir foreslått lågare aldersgrense.
- Det blir innført fem takstsoner for turistane på gratisferjene og på Eidsdal-Linge.
- Tilskotet til Sundbåten i Kristiansund blir foreslått fjerna.
- Det blir eit betydeleg kutt i talet på ferjeavgangar i heile fylket.
– Det er omfattande endringar innanfor ferje. Vi har jobba prøvd å fordele det jamt over. Det er vel ikkje eit ferjesamband som ikkje er ramma. Vi prøver å gjere dei justeringane som rammar minst. Men det er klart at brukarane vil merke det, seier Toril Hovdenak
Krevjande situasjon
2024 har vore eit tøft år for Møre og Romsdal fylkeskommune. Den økonomiske situasjonen er svært pressa. Pilane har peika mot eit meirforbruk på kring 70 millionar kroner.
Ein har måtte snu alle steinane for å få kontroll. Det har vore ei nedbemanning som svir. Talet på lærarar er kraftig redusert. Og politikarane har måtte auke prisen på buss og ferje. Det er ikkje populært.
Det har vore eit ope spørsmål om det er mogleg å oppretthalde ei forsvarleg drift etter å ha gjort desse kutta.
Møre og Romsdal har hatt den høgaste gjelda, dei dårlegaste driftsresultata og minst pengar på disposisjonsfondet blant fylkeskommunane i landet.
I heile 2024 har Robek-spøkelset hengd over leiinga og politikarane i Møre og Romsdal fylkeskommune.
I 2025 er det lagt opp til ei innsparing på totalt 79 millionar kroner. Dei neste åra vil det auke til 158 millionar kroner.
No ventar tøffe tak i dei politiske utvala. Fylkestinget skal gjere det endelege vedtaket 10. desember.
Møre og Romsdal fylkeskommune får 78 millionar kroner frå Havbruksfondet. Det er mykje meir enn budsjettert. I tillegg kjem regjeringa med 5 milliardar kroner til Kommune-Noreg. Av dette får Møre og Romsdal kommune 34 millionar kroner.
– Dette bidrar til at meirforbruket i 2024 blir lågare, men vi er nøydd til å ta ned driftsnivået i åra som kjem, seier Toril Hovdenak.