Hopp til innhold

Her går energi lik straum til alle hyttene i Noreg – rett i havet

Energi lik straum til alle hyttene i Noreg – går rett til sjøs, etter at det ikkje blei stilt krav til gasselskapa.

Nyhamna i Aukra

NYHAMNA: Her drar ein opp gass verd opptil 1 milliard kroner kvar dag. Men ein har ikkje utnytta den enorme mengda spillvarme.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK Luftfoto

Me byrjar å lure på om Noreg har nok straum og energi. Eller om staten ikkje vil gjere noko der dei styrer sjølve, seier ein frustrert fylkesordførar i Møre og Romsdal, Anders Riise.

I lang tid har han forsøkt å få Miljødirektoratet på banen.

Utan suksess.

Dette burde vere ein no-brainer i det grøne skiftet. Alle andre former for energi har ein form av konflikt. Men ikkje denne, seier Riise.

Anders Riise ser ut i lufta. Bak han ser man en ferge på fjorden.

Fylkesordførar Ander Riise er oppgitt over Miljødirektoratet.

Foto: Shiva Ghalvazi / NRK

Enormt med energi

Kong Harald opna anlegget Nyhamna på øya Gossa nær Molde i 2007. Her kjem gass inn frå Norskehavet, og blir sendt vidare til England.

Nyhavna

20–25 prosent av all gassen dei brukar i Storbritannia går gjennom røyrleidningane frå Nyhamna.

Foto: Gassco/Equinor

Det å sende gassen vidare skapar mykje varmeenergi, og det blir brukt store mengder sjøvatn for kjøling. Kvart døgn går millionar liter nyvarma vatn rett på havet på 42 meters djup.

Ifølge berekningar frå forskarar kan overskotsvarmen frå gassanlegget på Nyhamna svare til ei kraftmengde på 2 terawattimar i året.

Det er tre gonger så mykje kraft som utbygginga av Alta/Kautokeino-vassdraget gav.

Den gong slost samar og miljøvernarar i 14 år mot utbygginga. Dei tapte trass sveltestreik og okkupasjon av kontoret til statsminister Brundtland.

Gro Harlem Brundtland får blomster av samebevegelsen utenfor Slottet i 1981

Statsministeren smilte allereie anstrengt, få dagar seinare fekk ho kontoret okkupert av 13 samekvinner og ei jente på fem år.

Foto: Bjørn Sigurdsøn / SCANPIX

Alta-kraftverket gir Noreg 0,7 terawattimar med straum.

Årleg brukar Trondheim 3 terawattimar med straum, medan alle hyttene her i landet brukar rett over 2 tWh – altså same årlege energimengda som renn i sjøen i Romsdal.

Frustrert

– Det er veldig frustrerande, seier fylkesordførar i Møre og Romsdal, Anders Riise.

Han blei lova eit møte med Miljødirektoratet – i fjor haust – men så blei det stille.

Heller ikkje selskapa som vinn ut gassen på Nyhamna svarer på breva frå fylkeskommunen, ifølge Riise.

Ormen Lange-landanlegget på Nyhamna i Aukra, vinter og snø.

Det er Shell og Gassco som driv anlegget på Nyhamna på Gossa. Det kan eksportere 84 millionar kubikk gass – kvar dag.

Foto: Øyvind Leren / NTB

– Det er veldig omstridt med landvind. Det er omstridt med havvind og meir vasskraft. Og det er strid om at kjernekraft er ei løysing. Så er det ingen som vil gjere noko her, og energi blir berre tømt ut i havet, seier fylkesordføraren.

Han veit ikkje kva for tekniske løysingar som er moglege eller økonomien i det, men saknar ein god analyse frå myndigheitene.

Les også Varmtvann fra Google kan gå til spille – SV ber regjeringen stille krav

Åsa på vei over Norsjø med varer

Dei som driv gassanlegget på Aukra, Gassco og Shell, har ikkje ønska å stille til intervju om denne saka, men har svart på e-post (sjå faktaboks nedst i saka).

Laks, straum eller badeland

«Det er ei stor moglegheit for å utnytte spillvarmeressursen til verdiskaping», var konklusjonen i analysen frå Sintef i 2019.

Analysen var opptatt av at overskotsvarmen frå gassanlegget kunne skape arbeidsplassar og bedrifter, og at han kunne bli brukt til fiskeoppdrett. Rett over fjorden frå anlegget ligg til dømes den største landbaserte lakseoppdrettaren i Noreg, og den treng varmt vatn.

Salmon Evolution
Foto: Roar Strøm / NRK

«Produksjon av straum er også mogleg med lågtemperert spillvarme», heitte det i ein annan Sintef-analyse i 2019. Her blei også oppvarming av drivhus, tørking av produkt og i meieriprossessar, nemnt som mogleg bruk.

Det har også blitt foreslått å bruke det varme vatnet til å lage eit badeland som eit heilårs Bø Sommarland eller Den blå lagune på Island – særs populær blant norske statsministrar.

  • Thorbjørn Jagland bader i Den blå lagune på Island, ser fokusert ut.

    Thorbjørn Jagland torde seg uti vatnet på Den blå lagune i 2001.

  • Statsminister Jens Stoltenberg besøker Island i forbindelse med Nordisk Råd og Ministerrådets møter 6-8 november. Stoltenberg besøker den Blå Lagune. Smilende bilde utendørs, med blå himmel og skyer i bakgrunnen.

    Partifelle og nemesis Jens Stoltenberg nøyde seg med å plaske litt på same stad nokre månader tidlegare.

  • REYKJAVIK, ISLAND, 19990809: Statsminister Kjell Magne Bondevik på offisielt besøk på Island. Omvisning i de varme kildene i Den blå lagune utenfor Reykjavik. Bondevik (t.h.) kjenner på vannet. Islands statsminister David Oddsson (t.v.).

    Året før var Kjell Magne Bondevik statsminister, og også på lagunebesøk. Han lata mest som om han stakk handa nedi det varme kjeldevatnet.

Konsesjonstabbe

Rebekka Varne ved fylkeskommunen var for nokre år sidan med på ein studie for å sjå på bruken av spillvarmen.

– Uttaket til spillvarmen er inne i gassanlegget. Det gjer at du ikkje får brukt den spillvarmen så lett på Nyhamna, og at utrulege mengder energi går ut, seier ho.

Rebekka Varne i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Rebekka Varne jobbar med akvakultur i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Foto: Roar Strøm / NRK

For gassanlegget ved Tjeldbergodden, som stod ferdig ti år tidlegare – i 1997 – stod det i konsesjonen at spillvarmen skulle bli gjort tilgjengeleg til eit industriområde, fortel Varne. På Nyhamna må ein legge opp nye røyr for å få det ut.

– Ein konsesjonstabbe, rett og slett?

Det blei i alle fall ikkje lagt inn, seier Varne. Og legg til at det er anslått å koste nokre titals millionar å legge desse røyra.

– Nokre titals millionar høyrast ikkje så dyrt ut, på eit anlegg som har sopa inn opptil éin milliard i døgnet?

– Nei, det er no ingenting, for å seie det slik, svarar fylkesordførar Anders Riise.

Fleire NRK har snakka med har bedyra at gassprodusentane, som altså drar opp hundrevis av millionar kvar dag, ikkje har vist stor vilje til å få til ei løysing med overskotsvarmen.

Beklagar

Da NRK tok kontakt med Miljødirektoratet, begynte det å skje litt i saka. Presseavdelinga skriv blant anna:

«Miljødirektoratet sendte et foreløpig svar til Fylkeskommunen og beklaget at det har tid tatt å få til et nytt statusmøte i saken.»

Dei skriv at dei no treng noko tid på «intern gjennomgang av krav», og at dei vil invitere fylkeskommunen til møte på nyåret.

Så da vil kanskje overskotsenergien til slutt bli brukt til anna enn å varme opp havet.

Sjå fulle svar og utrekningar i faktaboksen under.

Les også Russiske yachtar i mange år fiska over gassleidningane ved Nyhamna

Luksusyachten Elden og følgjeskipet ved Fjordstuene i Molde, med Aker stadion i bakgrunnen.