Hopp til innhold

Norsk verft skal bygge kystvaktskip for 6,8 milliardar kroner

Verftet Vard Langsten i Romsdal har konkurrert med dei beste skipsbyggarane i verda. – Dette er ein stor dag, seier konsernsjefen om milliardkontrakten med forsvaret.

Forsvarsminister Frank Bakke-Jensen og konsernsjef Roy Reite i Vard

GIR OPPDRAGET TIL NORSK VERFT: Forsvarsminister Frank Bakke-Jensen (H) gir byggekontrakten til Vard Langsten i Tomrefjord.

Foto: Frode Berg / NRK

– Spesialfartøy er DNA-et for dette verftet her. Teamet har gjort ein stor innsats. Takk til alle som har jobba med dette, sa konsernsjef Roy Reite til dei tilsette då kontrakten blei kjend måndag morgon.

Illustrasjon av nye kystvaktskip

TRE NYE KYSTVAKTSKIP: Slik ser dei nye kystvaktskipa ut.

Foto: Illustrasjon frå Vard

– Dette er ein stor dag for alle i heile regionen. No startar moroa, gratulerer med dagen alle saman, sa Reite.

Håndtrykk skipskontrakt

MILLIARDKONTRAKT: Konsernsjef Roy Reite i Vard (til høgre) saman med Mette Sørfonden i Forsvarsmateriell, som har bestilt dei nye kystvaktskipa

Foto: Frode Berg

Vard har hovudkontor i Ålesund, og eig fem skipsverft i Noreg, i tillegg til verft i Brasil, Romania og Vietnam. Verfta i Noreg er i Romsdal og på Sunnmøre. Det er verftet i Tomrefjord i Romsdal som har fått kystvaktoppdraget.

Kontraktsverdien med verftet er på ca. 5,2 milliardar kroner. Den totale kostnadsramma for heile prosjektet er på 6, 8 milliardar kroner.

Best på pris og kvalitet

Forsvarsminister Frank Bakke-Jensen (H) seier kystvakta er viktig.

Forsvarsminister Frank Bakke-Jensen

FORNØGD: Forsvarsminister Frank Bakke-Jensen (H) er fornøgd med valet av Vard.

Foto: Frode Berg

– Kystvakta er ein viktig del av det norske totalforsvaret. Vi har ein aktiv nabo i nordområda. Vi ønskjer at internasjonal rett skal gjelde i havområda, difor er kystvakta viktig, seier forsvarsminister Frank Bakke-Jensen (H).

Dei nye båtane skal erstatte tre kystvaktskip i Nordkapp-klassen som blei tekne i bruk på byrjinga av 1980-talet. Det første nye skipet kan bli levert frå Tomrefjord allereie i 2022.

Bakke-Jensen er fornøgd med at eit norsk verft skal bygge dei nye kystvaktskipa.

– Verftet og underleverandørane har lagt eit løp for denne bygginga. No skreddarsyr vi skip for framtida, og bygger skip som tek omsyn til strenge miljøkrav.

Gratulasjonar frå statsministeren

Erna Solberg gratulerer Vard med kystvaktkontrakt

GRATULERTE: Statsminister Erna Solberg (H) gratulerte Vard via videolink.

Foto: Frode Berg / NRK

Statsminister Erna Solberg (H) sa seg lei for at ho ikkje kunne vere fysisk til stades då nyheita om kontrakten kom måndag morgon. Solberg var likevel med på videolink.

– Eg vil gratulere alle ved Vard i Tomrefjord. Det er eit godt stykke arbeid som ligg bak denne kontrakten, sa Solberg.