Hopp til innhold

Kjempepadda tvinga vekk frå vegen

Betongpadda vart så dominerande at den måtte flyttast vekk frå E39. No er ny paddeplass bestemt.

Paddestatuen

Den nye paddestaden ligg ved Lisjevatnet i Austefjorden.

Foto: Robert Steinnes

Gunnar Wangen

Gunnar Wangen er blant pådrivarane for padda.

Foto: Ola Niemann
Kvivsvegen Oddbjørn Pladsen

Oddbjørn Pladsen syns det er noko heilt spesielt med den digre padda.

Foto: Remi Sagen / NRK
Kåre Mittet

Kåre Mittet, overingeniør i Statens vegvesen syns flyttinga av padda har vore ei positiv oppleving.

Foto: Privat
Paddestatuen

Kunstnar Robert Steinnes fortel at han først måtte skjere skulpturen ut i isopor, før han starta med støyping.

Foto: Robert Steinnes

Vegvesenet meinte at den store planlagde paddestatuen ved Kvivsvegen ville utgjere eit faremoment for bilistane. No er det bestemt at padda må plasserast ved gamlevegen i staden.

Vanskelegare å marknadsføre

Pådrivar for padda, Gunnar Wangen, er glad det er funne ei løysing. Men den er kanskje ikkje optimal.

– Ulempa med å flytte padda frå hovudvegen er at den vert vanskelegare å marknadsføre, seier Wangen.

Den nye plassen ligg ved Lisjevatnet i Austefjorden, ikkje så langt frå utløpet av Fyrdsbergtunnellen retning Volda.

– Padda skal stå på eit platå ved ein parkeringsplass som skal fungere som ein stoppestad for alle paddeinteresserte, fortel prosjektleiar for Kvivsvegen, Oddbjørn Pladsen.

Motiverte trass kompromiss

Wangen trur at dei fleste i bygda deler meininga om paddeflyttinga, men innrømmer at både pådrivarane og vegvesenet har inngått kompromiss.

– Det har vore eit godt samarbeid mellom mange, motiverte partar, og eg syns vi har kome godt ut av det, seier naturfotografen.

Positiv paddeflytting

Kåre Mittet, overingeniør i Statens vegvesen, har fått mange reaksjonar etter avgjerda om kjempepaddeflytting, men alle har vore positive.

Overingeniøren fortel at padda skal flyttast til ein stad som ikkje er trafikkfarleg, og det vert laga ein rasteplass som er enkel å stoppe på for vaksne, born og andre som vil leike med statuen.

Betongpadda er 3 gonger 3 meter i flatemål, og 2,5 meter høg.

– Betongpadda vart flytta fordi du ser den veldig godt frå hovudvegen, og det er slik at når du ser noko stort og spennande så er det naturleg å dreie rattet same vegen som du dreier auga, seier Mittet.

Ein av Skandinavias største paddebestandar

– Paddebestanden her er dokumentert å vere desidert størst i Norge, og kanskje også i Skandinavia, seier leiar for den lokale interessegruppa, Gunnar Wangen.

Det har blitt skrive mykje om paddebestanden i Austefjorden, og engasjementet har vore stort sidan nyheitene om kjempepadda kom.

NRK vil sende ein dokumentar om amfibiene i Austefjorden til våren.

Ferdig våren 2014

Arbeidet med stoppestaden og paddestatuen er i gong, og målet er å vere ferdig til våren. Det skal verte eit utbygd turistområde med parkeringsplass, informasjonsmateriell/tavle, ein egen mobilapp med informasjon om paddene – samt den gigantisk statuen.

Prosjektet er finansiert med statleg tilskot for miljøtiltak, bankar og grendelaget i Austefjorden.

Padder

Paddebestanden i Austefjorden er blant Skandinavias største.

Foto: Gunnar Wangen