Hekkeløparen frå Dimna IL sprang inn på tida 12.96 på 100 meter hekk. Det er første gong ho har sprunge under 13.00 sekund.
– Endeleg under 13, det var deilig! Eg er veldig glad for at eg klarte det akkurat her, så eg er veldig rørt, seier Skarbøvik Andresen til NRK etter løpet.
Lovise Skarbøvik Andresen like etter at ho kryssa målstreken.
Foto: Lise Åserud / NTBIngen av utøvarane i dei andre heata sprang under 13-talet. Dermed er ho også vidare til semifinalen laurdag.
– Eg hadde eit håp om at eg skulle klare det, men det er veldig deilig at det går, sa Skarbøvik Andresen etter at ho fekk beskjed om at ho var vidare.
– Kva betyr dette for deg?
– Akkurat no betyr det alt. Dette er det eg har jobba for heile sesongen. Eg hadde eit håp om å springe fort, men ein veit aldri kva det held til i eit meisterskap. Så at eg kjem til ein semifinale i mitt første EM, det er draumen, seier ho.
Hardt arbeid over tid
Hekkeløparen frå Ellingsøya i Ålesund seier det er spesielt for ho å prestere så bra i sitt første seniormeisterskap. Skarbøvik Andresen enda på ein 3.-plass både i heatet og totalt i 1. runde.
– Eg er veldig rørt og fornøgd.
– Kva blir du rørt av?
Lovise Skarbøvik Andresen kunne juble etter å ha brote magisk 13-grense.
Foto: Reuters– At all jobben som eg har lagt ned betaler seg. Friidrett er ein veldig einsam idrett, så all jobben eg og Arve Hatløy (trenar) har lagt ned åleine, betyr plutseleg veldig mykje i dag.
Ho fortel at det betyr ekstra mykje for ho å ta seg vidare til semifinalen. Spesielt etter mange år med skadeutfordringar.
– Eg har jobba for dette lenge. Når ein har hatt så mange skadar som eg har, så er det deilig at det går min veg no.
Satsar mot nye rekordar
Hekkeløparen var også fornøgd med dagens løp.
– Det kjendest ganske greitt. Eg kom godt ut dei første hekkane og taper litt på slutten, men det kjem etter kvart.
Tidlegare friidrettsutøvar og sportskommentator Christina Vukicevic Demidov håper hekkeløparen frå Sunnmøre kan slå hennar personlege rekord på 100 meter hekk, som er på 12,74.
– Kanskje om eitt par år, vi får håpe det, seier Skarbøvik Andresen med eit smil.
No skal ho prøve å lande litt etter dagens prestasjon og gjere seg klar til semifinalen laurdag.
– Eg skal berre slappe av og bli klar til i morgon. Og så får eg stase på at eg kan springe endå raskare. Men eg er veldig fornøgd med korleis det har gått til no.
Lovise Skarbøvik Andresen var rørt, glad og letta over å ha sett personleg rekord med 12.96 i innleiande heat på 100 meter hekk i EM i Roma