Betong ser vi overalt. Bygningar er laga av det, grunnmuren til huset ditt, og det er brukt i bruer, kaier og oljeplattformer. Der det er folk, er det betong.
Metoden for å lage det er relativt gammaldags, men på Geitbåtmuseet i Valsøyfjord på Nordmøre har dei lagt eit heilt nytt inngangsparti som kan endre dette for alltid.
– Dette ser heilt fantastisk ut. Viss dette verkar, så vil det revolusjonere betongindustrien, og gje ei heilt anna framtid i salte område ved kysten, seier Lisabeth Fiske, avdelingsleiar for Geitbåtmuseet.
Lisabeth Fiske er stolt over å få verdas første aluminiumsarmerte inngangsparti på museet sitt. Ein kan sjå dei utvendige delane av armeringa.
Foto: Roar Strøm / NRKFor å forstå kva som er så spesielt, må vi snakke om kva betong er.
Garanterer tusen års varigheit
Ein brukar ein sementblanding for å lage betong, men for å gjere den mykje sterkare, legg ein stenger av stål på innsida, ei såkalla armering. Desse kan ruste, og før den venta levetida på 50–100 år må ein ofte gjere store og kostbare reperasjonar for at konstruksjonen ikkje skal kollapse.
Særleg vêr, vind og saltvatn skapar problem for stålet, men det gjeld ikkje for aluminium.
Ved å lage armeringa av aluminium i staden, vil konstruksjonen kunne stå til «evig» tid. Eller i alle fall nesten, skal vi tru kjemikaren som fekk ideen.
– Det er romerske konstruksjonar som står i dag, men dei hadde verken armering eller frost. No skal vi slå romarane også med armering, seier sjefforskar Harald Justnes hos Sintef i Trondheim.
Det var kjemikaren Harald Justnes som ville finne ut av om det var mogleg å lage betong med aluminiumsarmering.
Foto: SintefHan går god for ei «ekstrem» levetid på minst tusen år. Dermed treng ikkje Geitbåtmuseet å tenkje på å byte inngangsparti med det første.
– Eg ser ingen grunn til at eg ikkje skal kunne garantere det. Eg lever jo ikkje så lenge, så ingen kan saksøke meg, seier Justnes og ler.
Aluminiumen er støypt på Overhalla Betongbygg nord i Trøndelag. For å løyse utfordringane med materialet har dei erstatta 55 % av sementen med blåleire.
Foto: Overhalla BetongbyggBrukte gammal bilmotor
Målet er å bidra til det grøne skiftet i byggenæringa. Ved å bruke aluminium i staden for stål, samt erstatte over halvparten av sementen med blåleire, kan Co₂-utsleppa bli redusert med mellom 60 til 80 prosent.
Ein treng rundt 700 grader for å smelte aluminiumet om, mot nesten 1500 for stål. I tillegg til at ein kan klare seg med langt tynnare vegger, vil ein spare store summar på å unngå vedlikehald og riving.
Metallet kan ein blant anna hente frå gamle bilmotorar, noko dei gjorde for dette prosjektet.



Her blir motoren på ein kondemnert bil plukka ut, før aluminiumen blir smelta om til armering.
Kan bli ein stor industri
For Hydro, som leiar pilotprosjektet, kan nybrotsarbeidet føre til mange arbeidsplassar. Dei er blant verdas største produsentar av aluminium, med fem verk i Noreg.
– No ser vi berre moglegheiter. Betong er det mest brukte byggematerialet i verda, så det er ikkje berre i Noreg dette kan bli ein stor industri, seier prosjektleiar Grethe Hjetland i Hydro.
Grethe Hjetland frå Hydro leiar forskingsprosjektet «DARE2C». Ho har stor tru på at aluminiumsbetong kan bli storindustri, men det er framleis ein veg å gå.
Foto: Roar Strøm / NRKDei har nettopp fått støypt ei ny kai av den nye betongtypen som skal på plass på Hydro Aluminium på Sunndalsøra. Det er ei slags «ferjekai» for last og tungtransport, dermed får ein testa at materialet toler svært tunge belastningar.
Overhalla Betongbygg som har gjort støypearbeidet, trur aluminiumsbetong kan bli ein nisje hos dei.
Den eine betonghella på Geitbåtmuseet fekk ein aluminiumsarmering med eit passande symbol. Nokre av båtane i museet er frå tilbake til 1700-talet.
Foto: Ann-Eli Nøsen / NRK– Eg trur det tar tid før det erstattar all betong, men særleg nær sjøen trur eg det absolutt kan bli brukt. Vi ser også på om det kan vere noko for landbruket, der er det veldig aggressive miljø som angrip armeringa, seier Espen Vold, rådgjevar i selskapet.
Det fire år lange prosjektet er no ferdig, og torsdag fekk dei positivt svar på søknaden til Forskingsrådet om ytterlegare 19 millionar kroner til fase to.