Med heimelaga plakatar, vaflar og saft engasjerer mange norske barn seg no i krigen i Ukraina. Over heile landet har dei på eige initiativ starta mini-innsamlingar. Målet er å få inn pengar som kan hjelpe barn i nabolandet.
– Eg fann på at eg hadde skikkeleg lyst å ha basar for å redde Ukraina. Eg har ikkje så lyst at Putin og Russland skal få Ukraina. Eg tenkjer at Ukraina kan få ha seg sjølv, seier åtte år gamle Kristine Johanson Slinning i Ålesund utan å blunke.
Både fredag og laurdag sto ho og venninnene klar med bollar, saft og kaffi i området der dei bur. Folk kunne betale det dei ville. Det enda med over 3000 kroner.
Tre venninner som har planar om å samle inn endå meir: F.v. Tilde Paulsen Myklebust (8), Kristine Johanson Slinning (8) og Anna Kvalvik Gøncz (9). Tilde seier det er viktig å huske at ikkje alle russarar ønskjer krig.
F.v: Sara Rogne Amundsen (10 år), Nora Johanne Vik Birkeland (10 år) og Julie Tylden Haugland (10 år)
Muffins til inntekt for Ukraina. Desse blei selde i Bjerkedalen i Oslo søndag.
Lisa Styrman og Ella Bergvill i Bærum har samla inn over 13 000 kroner etter å ha selt leiker og mat søndag.
Kakesalg for Ukraina.
Lisa Styrman og Ella Bergvill frå Bærum har søndag seld leiker og mat og samla inn over 13 000 kroner.
Sofie Grytøyr (11) i Færder, Vestfold og Telemark, har samla panteflasker hos naboane. Dagen etter hadde ho fått inn 700 kroner som ho gav til Redd Barna.
Unik gjevarglede
Sist veke registrerte Spleis rekordstort engasjement i innsamlinga til Ukraina. Til no er det samla inn over 21 millionar kroner på hundrevis av små og store aksjonar.
– Vi har aldri før sett ein slik respons på ein enkeltståande katastrofe, seier dagleg leiar Bjørn Kjetil Hellestræ.
Krigen i Ukraina har utløyst stor gjevarglede hos små og store.
Foto: PrivatOgså Redd Barna opplever stor pågang. På tre dagar i mars registrerte Redd Barna tre gongar så mykje frå basarar som i heile februar.
– Vi får dagleg inn meldingar og e-postar frå foreldre som kan fortelje om basaraktivitetar og opplever auka pågang frå barn som held basarar. Dei sel alt frå heimelagde kaker, muffins, bollar eller heimelaga armband, smykke og gamle leiker til inntekt for born på flukt frå Ukraina, seier Oda Engetrøen Høydal i Redd Barna.
Oda Engetrøen Høydal seier dei får inn mange meldingar frå barn som samlar inn pengar til Ukraina. Dei sel mat, gamle leiker og armband.
Foto: privatTrur det kan dempe uro hos barn
Psykolog Line Marie Warholm seier ho blir glad for å høyre om alle borna som samlar inn pengar. Ho trur det å bidra gir ei kjensle av å ha meir kontroll over situasjonen og dermed kan dempe uro og usikkerheit.
– Det er bra at borna får ein identitet der dei bidrar med dei gode kreftene i kampen. Det er noko anna enn å hate Putin eller russarar, som er den vondarta varianten av å støtte Ukraina, seier ho.
Psykolog Line Marie Warholm.
Foto: Astrid Waller
Laga klubb for krigsherja land
Åtte- og niåringane i Ålesund har no laga klubb der dei vil samle inn pengar til krigsherja land. Krig i Europa no har verken dei sjølve, foreldra og ikkje ein gong alle besteforeldra vore vitne til.
Mor Eldrid Schrøder Kvalvik seier det er bra at borna vender blikket utover og engasjerer seg utanfor seg sjølv.
Foto: Silje Giske– Når det er krig der, kan vi liksom gjerne hjelpe litt til. Vi har jo ikkje krig, vi har nesten alt vi treng, dei har nesten ingenting lenger, seier Anna Kvalvik Gøncz.
No håper dei at pengane dei har sendt til Redd Barna kan gå til mat, medisin og kle.
– Eg håper at han Putin blir så sint fordi alle saman prøvar å hjelpe Ukraina at han berre stoppar krigen. Eg trur det kjem til å skje, seier Kristine Johanson Slinning.
Hei!
Hei, kjenner du andre barn som på ulike måtar samlar inn pengar til barn i Ukraina? Send oss gjerne bilde og ein kort tekst.
Helsing Synnøve Hole