Hopp til innhold

Kjendisane i Succession saknar Noreg

Ein heil episode av Succession føregår i naturskjønne omgivnader i Møre og Romsdal. Nicholas Braun seier at han saknar Noreg.

Nicholas Braun og Fisher Stevens

På instagram skriv Nicholas Braun at han saknar Noreg og Waystar familien sin.

Foto: Øyvind Sandnes / nrk

I fjor haust krydde det av internasjonale stjerner på små stader som Valldal og Åndalsnes. Nesten heile 5. episode i sesong 4 av den prisbeløna HBO-serien «Succession» føregjekk i Møre og Romsdal.

Millionar av sjåarar har fått med seg den storslåtte naturen. Men det er ikkje berre sjåarane som blir imponert over landskapet. Noreg har også sett varige spor hos skodespelarane.

Skjermdump av instagraminnlegget til Nicholas Braun

Nicholas Braun (t.v) er kjend for kjent for rolla si som Greg Hirsch i Succession.

Nicholas Braun som spelar Greg Hirsh i serien skriv at han saknar å vere der.

«Missing Norway with my Waystar family 🇳🇴 enjoy ep 9 », skriv han på Instagram når sesongen no nærmar seg slutten.

Skodespelarkollega Sarah Snook er samd og huskar tilbake på fossefall, huska som hadde utsikt over fjorden og musikalske innslag på fritida.

«Oh man ... what a time, the jams, swings and waterfalls?! Oof please, the luckiest life», svarar ho i posten på Instagram.

Begge har tidlegare i intervju med HBO Max sagt at dei elska å filme i Noreg.

Sarah Snook i Succession. Episode fem av Succession S4, blei spelt inn i Norge

Sarah Snook spelar Shiv Roy i serien.

Foto: HBO MAX

Betyr mykje

Det norske selskapet Truenorth Norway AS, hadde med ei rekkje folk som jobba på innspelinga.

Linjeprodusent Per Henry Borch, seier at det har mykje å seie at skodespelarane skryt av Noreg og Møre og Romsdal på Instagram.

– Det er garantert. Dei har enormt med følgjarar, seier Borch.

Sjølv har han aldri fått så mykje klemmar under ei innspeling frå produsentar og regissørar som han fekk under filminga av Succession. Dei var så nøgde både med gjennomføringa og plassane.

Per Henry Borch i Hellesylt, der dei skal spele inn ein ny Mission Impossible film.

Per Henry Borch trur det betyr mykje at kjendisane med mange fylgjarar i sosiale medium skryt av Noreg.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Skreiv om manuset

Han har ikkje høyrt tilbakemelding frå skodespelarane sjølv, men meiner det såg ut som dei både treivst og at dei slappa av. Sjølv om dei fekk merke litt typisk vestlandsvêr.

– Vi hadde litt dårleg vêr den første dagen, det kom enormt med regn, men dei skreiv litt om manus og så fekk vi løyst det. Elles hadde vi flotte vêr resten, seier Borch.

Han er sikker på at Møre og Romsdal blir snakka om i miljøet, og at det vil vere bra for reiselivet når skaparane bak ein premiert og populær serie er så fornøgd.

– Produsentane i dei største produksjonsselskapa snakkar saman. Når Succession sit igjen med gode erfaringa så vil det spreie seg til andre prosjekt, trur Borch.

Les også Hotelleigar må seie nei til gjestar som har sett «Succession»

Episode fem av Succession S4, blei spelt inn i Norge. Her frå fjellet Nesaksla i Rauma

Hadde alt dei leitte etter

Også produsent Scott Ferguson var fornøgd fordi Noreg hadde alt dei leita etter.

Til magasinet Variety uttalar han at for dei som kjem frå USA og Storbritannia hadde ei fantastisk oppleving med filming i Noreg. Kjenslene til karakterane i episoden vart spegla og komplementert av skog og fjelltoppar.

Det har blitt spelt inn 37 nasjonale og internasjonale film og TV-seriar i Møre og Romsdal i åra mellom 2009 og 2020.