Trollstigen og Atlanterhavsvegen skulle ut til millionar av TV-sjåarar. Vegvesenet hadde sagt ja til stenging av vegane den siste maihelga. Alt var klart. Men lensmann Andreas Hustad i Rauma sa nei til at dei fekk bryte fartsgrensene.
– Eg ser at eg er den store syndebukken, seier Rauma-lensmann Andreas Hustad til NRK.
Han har registrert at saka blir flittig diskutert på nettet. Folk meiner at turistnæringa går glipp av millionar av kroner etter at det ikkje blir noko Top Gear-program frå Nordvestlandet.
Ja til filming, nei til lovbrot
– Eg sa ja til filming og vegstenging på den svingete vegen. Men eg har ikkje fullmakt til å seie at nokon kan gjere lovbrot.
– Dersom det skulle skje ei ulykke, kven sitt ansvar var det då, spør lensmannen.
Top Gear er eit britisk bilprogram som blir vist i meir enn 170 land.
Matt LeBlanc og Top Gear-teamet hadde brukt fleire veker på å frakte bilar til filminga i Møre og Romsdal.
Foto: Dominic Lipinski / ApSkribenten Erik Hattrem skreiv på ei nyheitsside at lensmannen stoppa festen før vorspielet fekk starte.
Uklar årsak til avlysing
Sjølv seier lensmannen det slik: – Eg fekk ein epost med takk for raskt svar. Og så skreiv dei at det ikkje vart filming. Kva som var årsaka til avlysinga, har ikkje eg noka meining om.
Rauma-lensmannen seier han aldri har nekta filming. – Men eg kan ikkje gi løyve til fartsgrensebrot.
– Turistnæringa går glipp av millionar
Vegvesenet hadde sagt ja til stenging av vegane, så Top Gear-teamet skulle få filme i Møre og Romsdal den siste maihelga. I diskusjonane på nettet meiner folk at turistnæringa går glipp av millionar som følge av avlysinga.
NRK har ikkje fått svar frå BBC om kvifor Top Gear-filminga på Nordvestlandet vart avlyst.