Hopp til innhold

– Rauma-lensmannen stoppa Top Gear

Alt var klart: Trollstigen og Atlanterhavsvegen skulle ut til eit globalt TV-publikum. Men Rauma-lensmannen sa nei til at Top Gear-gutta kunne bryte fartsgrensene.

Lensmann i Rauma Andreas Hustad

– Det var lensmann Andreas Hustad i Rauma sitt forbod mot å bryte fartsgrensene som gjorde at Top Gear-teamet returnerte utan filming, skriv frilansjournalist Erik Hattrem.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

Vegvesenet hadde sagt ja til stenging av vegane, så Top Gear-teamet skulle få filme i Møre og Romsdal den siste maihelga. No skriv frilansjournalist Erik Hattrem i Molde at det var lensmannen i Rauma som fekk TV-teamet til å reise heim att:

– Han stoppa festen før ein gong vorspielet fekk starte, skriv Hattrem på ei nyheitsside på nettet.

Matt Leblanc

Matt LeBlanc og Top Gear-teamet hadde brukt fleire veker på å frakte bilar til filminga i Møre og Romsdal.

Foto: Dominic Lipinski / Ap

Innspelinga skulle vere den siste helga i mai. Top Gear-temet brukte fleire veker på å frakte bilar til Møre og Romsdal. Men BBC avlyste filminga.

Lensmannen ville ikkje gi dispensasjon frå fartsgrensene på stadene der vegen skulle stengast for filming. Brevet Erik Hattrem har fått tak i er datert 27. mai, dagen før filminga skulle starte.

Brev frå lensmannen

Dette er brevet frå lensmann Andreas Hustad som Erik Hattrem har lagt ut på ei nyheitsside på nettet.

Krav om å halde fartsgrensene

Vegvesenet hadde sagt ja til periodevis stenging av Atlanterhavsvegen, Atlanterhavstunnelen, Trollstigen, Måndalstunnelen og Vågstrandstunnelen.

Dette var OK også for lensmannen i Rauma. Men i brevet Erik Hattrem har fått tak i skriv lensmannen at det er eit krav at fartsgrensene blir haldne.

Trollstigen i Møre og Romsdal

Lensmannen i Rauma ville ikkje gi dispensasjon frå fartsgrensene på Trollstigen.

Foto: Kallestad / SCANPIX

«Top Gear» kommer til Norge i helgen

NRK har så langt ikkje lukkast i å få ein kommentar frå lensmann Andreas Hustad. Vi har også prøvd å få kommentarar frå BBC om kvifor dei avlyste filminga.

Truar med å stoppe filming - klagar på uro frå lokalbefolkninga

Atlanterhavsveien

Det skulle filmast på Atlanterhavsvegen, men filmteamet drog tilbake til heimlandet.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL