Hopp til innhold

Startar reinsking i Gråura i dag

Mannskapet brukte søndagen til å gjere maskinane klare. Måndag formiddag startar arbeidet med å sikre staden der steinras stengjer riksveg 70 mellom Sunndal og Oppdal.

Ras i Gråura

Mellom 300 og 500 kubikkmeter masse har rasa ned frå fjellsida og ned på Riksveg 70 mellom Sunndal og Oppdal.

Foto: Bent Ovesen

Steinraset gjekk i det rasfarlege området Gråura seint laurdag kveld. Det hadde alt gått steinsprang i området ei stund før skredet gjekk. Dermed var allereie vegen stengd då dei store steinmassane kom dundrande ned fjellsida.

Byggjer anleggsveg

Søndag var det på plass geolog som studerte skredstaden. Konklusjonen er at det framleis er laus masse og ei stor steinblokk i fjellsida og at dette må fjernast før vegbana kan reinskast.

– VI byrjar måndag formiddag. Då må vi rigge oss til i området. Vi skal opp og ta ned ei 30 kubikk stor steinblokk. Denne må takast ned før vi kan starte arbeidet med å rydde vegen, seier seksjonsleiar i Statens vegvesen, Torgeir Bye.

Det er ein heil del arbeid som må gjerast før arbeidet med å fjerne den store steinblokka kan ta til. Planen er å byggje ein anleggsveg opp til steinblokka slik at det er mogleg å kome til med ein stor anleggsmaskin.

– Vi har brukt søndagen til å planlegge og til å gjere ei tryggleiksvurdering. Det skal ikkje gjerast på ein måte som set liv og helse i fare. Vi lagar ein anleggsveg, køyrer opp ein anleggsmaskin og skal klare å fjerne steinblokka, seier Bye til NRK.

Kjent skredområde

Området der steinraset gjekk er eit kjent rasfarleg område. Og vegvesenet har følgt med på utviklinga i dette området over tid.

– Vi bestilte ei geologisk undersøking og ein rapport for dette området for ei tid tilbake. Her har geologane anbefalt at området skal sikrast. Dette arbeidet skulle vi i gang med i år, og vi har hatt visuelle kontrollar i området. Når vi no får reinska opp i området skal vi sjå kva som skal gjerast. Det trengst truleg både bolting og andre metodar for å få området trygt, seier Bye.

Arbeidet med den meir varige sikringa vil truleg gå føre seg med berre korte stengingar av riksvegen. Men dette er den meir langsiktige sikringa av vegen. Først skal det gjennomførast eit arbeid for å gjere det mogleg å rydde vegen etter raset. Og Bye seier det framleis er usikkert kor lang tid dette kjem til å ta.

– Det er vanskeleg å seie. Men når vi har fått ned den store steinblokka og reinska rundt rasstaden skal det gå fort å få vekk steinmassane frå sjølve vegen, seier Bye.