Hopp til innhold

Møt verdas sterkaste menn i den norske fjellheimen

Sherpaer frå Nepal har bygt turstiar og trapper over 100 ulike stader i Noreg.

Sherpaene har vore på over 100 ulike stader i landet for å byggje stiar i fjellet

Stien til Preikestolen har blitt utbetra av sherpaer. Det er svært populært å få dra til Noreg for å arbeide.

I kveld klokka 21.30 viser NRK1 dokumentaren om sherpaene frå Nepal.

Ei enorm steinblokk er festa på ryggen til Sonam Tshering Sherpa med tau. Den rutinerte steinleggaren går med stødige steg på stien til Preikestolplatået der steinen skal ligge.

Nima Sherpa

Nima Sherpa har vore rundt om i heile landet for å legge stein på naturstiar.

Foto: Jannicke Susann Farstad / NRK

– Det er viktig med riktig teknikk når ein skal lyfte så tungt, seier Nima Sherpa, som er sonen til Sonam.

I gamle dagar var det å legge stein kunnskap som nordmenn hadde. I dag hentar ein i staden folk frå Nepal, for å utbetre populære turstiar, som blir øydelagt av trakking.

I landsbyen der sherpaene bur, startar fattige gutar å bere tunge bører på ryggen i 10-12-årsalderen. Som regel er det bagasjen til turistane dei ber mot pengar.

LES OGSÅ:

Starta på falleferdig fjellgard

Arbeidet til sherpaene i Noreg starta i Luster i Sogn på 2000-talet. Bonden Geir Vetti som tok over ein falleferdig fjellgard trengde hjelp med å bygge opp att steinhusa. Han prøvde arbeidsfolk frå fleire stader i Europa, men dei klarte ikkje fullføre oppgåva.

Sherpaer steinlegg sti

Over 100 stader rundt om i landet har sherpaer vore med sin kompetanse. Mange oppdragsgivarar ynskjer at stiane skal sjå heilt naturlege ut.

Foto: Geirr Vetti

Då han såg eit program om sherpaene i Nepal, var han ikkje sein om å ta kontakt. Sonam og to andre ferdigstilte husa til Vetti. Etter at Oddgeir Bruaset og «Der ingen skulle tru at nokon ville bu» besøkte fjellgarden, ville alle ha tak i dei sterke mennene. Dei siste ti åra har opp mot 30 sherpaer hatt over 100 store og små prosjekt i heile Noreg.

Set spor i landskapet

I tre år har journalist Jannicke Farstad og fotograf Hans-Olav Landsverk frå NRK Møre og Romsdal følgt sherpaene.

– Med denne filmen ynskjer vi å vise spora som sherpaene set i Noreg. Eg trur ikkje folk er klar over kor mykje dei har endra landet. Vi ville også å finne ut kva det betyr for Nepal at sherpaene kjem hit og jobbar, seier Farstad.

Ho har sjølv sett at pengane frå arbeidet med dei norske turstiane kjem til nytte i det fattige landet.

Etter jordskjelvet i april 2015, der 8000 menneske miste livet, er pengane ekstra viktige for oppbygginga av landet.

Sherpa med tung stein på ryggen

Sherpaene har ein heilt eigen teknikk for å bere tunge steinar på ryggen.

Foto: Geirr Vetti

Skaper historie

Sherpaene er i Noreg opp mot sju månader kvart år og det å få reise hit for å jobbe er ettertrakta. Dei kan tene opp mot sju nepalske årsløner på nokre månader, men Nima Sherpa understrekar at pengane ikkje er alt.

– Pengar kjem og går. Det vi har lært i Noreg, vil vi ha med oss resten av livet. Eg føler at vi skaper historie. Mine framtidige barnebarn kan ein gong dra til Noreg og sjå kva vi har bygt opp, seier Nima.

Sherpaer har bygt natursti

Sherpaene er i Noreg om lag sju månader i året før å utbetre naturstiane.

Foto: Geir Vetti
Kåring av beste seervideo og trolsk stemning i gammelskogen. Årets naturlige helaften blir overnaturlig. Programleder Kari Toft våkner opp i Hakaskallen og prøver å finne ut om historiene om Nøkken, ravnen og de underjordiske har en naturlig forklaring.