Seint i oktober blei ein død hjort funnen i nærleiken av Flemma på Nordmøre. Ei knapp veke seinare blir det funne innvolar til to andre hjortedyr i same området.
Viltnemnda i kommunen mistenker at dette har vore ulovleg jakt.
– Dette er dyr det ikkje har vore søk på eller som lokale jegerar har vore ute og skote. Derfor mistenker vi at det er folk som ikkje har hatt noko der å gjere, seier Randi Stokke, leiar i viltnemnda i Gjemnes kommune.
Også i Verdal i Trøndelag er det mistanke om tjuvjakt den siste tida. Der blei det funne eit elgkadaver som har resultert i politimelding, skriv avisa Innherred.
– Eg synest det er veldig synd, fordi jegerane er ein ganske sårbar gruppe som er utsett for mykje hets frå samfunnet. Då er det veldig viktig at vi behandlar dyra på ein human måte og at det går føre seg i lovlege former, seier Stokke.
Randi Stokke er ettersøksjeger og leiar i viltnemnda i Gjemnes.
Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRKStore konsekvensar for dyra
Stokke håpar det ikkje er ein ukultur som tar seg opp, og at det blir med desse tilfella. Ho meiner tjuvjakt gir stor risiko for at dyra lid.
– Viss dei skadeskyt, så stikk jegerane truleg av for å ikkje blir oppdaga, i staden for å varsle.
Jegerar må ha tilgang på godkjend ettersøkshund for å drive jakt på hjort. Om dyr vert skadeskotne, er dei lovpålagde å leite etter dei.
Slike søk kan vare i dagevis, om kommunen pålegg jaktlaget å fortsette søket etter to dagar utan funn.
Slike reglar, som er på plass for dyra sin velferd, bryr ikkje tjuvjegerar seg til, ifølgje Stokke.
– Vi har òg tidlegare sett tendensar til at tjuvjegerar skaut hjorten i hovudet, men då kan ein treffe kjeven. Det gir utruleg liding for dyret, for då kan dei gå i veker før dei tørstar og svelt i hel, seier ho.
Vurderer politimelding
Gjemnes kommune har vore i kontakt med politiet og vurderer om dei skal melde den moglege tjuvjakta på Nordmøre.
Dei ber også folk i området om å følge godt med, og vere raske til å tipse politiet dersom dei ser noko mistenkeleg.
Operasjonsleiar Jan Arild Austnes i Møre og Romsdal politidistrikt seier at dei frå tid til anna får tips om tjuvjakt i distriktet, og at dei følgjer godt med.
– Det er ikkje lov, så det er noko vi ikkje ønskjer skal skje. Dette blir regulert av ein grunn, seier Austnes.
Her blei det funne restar etter utvomming av hjort, altså prosessen kor ein tar ut innvolane.
Foto: GrunneigarTjuvjegerar som blir oppdaga risikerer straff i form av å bli fråteken våpen, jaktlisens og bøter.
Men det kan vere utfordrande å få has på jegerane, og det er avgjerande at politiet får god informasjon, ifølgje Austnes.
– Viss det er lite å gå på så er det vanskeleg å finne ut. Viss du har konkret info om stad, tid og liknande, så er det enklare å følgje opp, seier operasjonsleiaren.
– Veldig upopulært
Håvard Skjerstad Andersen i Norges Jeger- og Fiskerforbund seier dei ikkje får meir informasjon om omfanget til tjuvjakt i Noreg enn det som blir skrive i media, men har ikkje eit inntrykk av at det er særleg utbreidd.
Han seier at tjuvjegerane blir uglesett blant dei lokale jaktmiljøa.
Håvard Skjerstad Andersen er marknads- og kommunikasjonssjef i Noregs Jeger og Fiskerforbund.
– Dette er veldig upopulært blant andre jegerar, og ikkje anerkjent praksis. Det er ingenting du snakkar høgt om i alle fall, seier Andersen.
Hjortejakta er veldig regulert med kvotar og sette bestandsmål, noko han meiner har høg aksept blant jegerar.
– Dette er å stele, frå alt og alle. Du øydelegg for andre jegerar og ingen har lyst til å bli assosiert med dette. Det er uheldig på alle måtar, seier Andersen.