Hopp til innhold

MDG-topp i Bergen melder seg ut av partiet

Miljøpartiet Dei Grøne gjorde eit brakval i Bergen og fekk fire representantar i bystyret. No er det berre ein att.

Sondre Båtstrand

UAVHENGIG: Sondre Båtstrand sat aleine i fire år som MDG-politikar i bystyret i Bergen. No blir han partiuavhengig.

Foto: Elise Farestveit / NRK

– Det har over tid vore svært krevjande å vera gruppeleiar for bystyregruppa. Eg føler MDG har endra seg mykje sidan eg melde meg inn for 18 år sidan, seier Sondre Båtstrand til NRK.

35-åringen var den aller første politikaren frå Miljøpartiet Dei Grøne som fekk plass i bystyret i Bergen. Det skjedde etter valet i 2011.

I fleire år har Båtstrand vore partiet sin fremste talsmann i Bergen og vore med å byggje opp partiet sin posisjon i vestlandshovudstaden.

MDG topp trekandidater

VEKKE PÅ KORT TID: Diane Berbain (til venstre), Randi Amundsen og Sondre Båtstrand var toppkandidatane til MDG i Bergen i 2015. No er Amundsen og Berbain i SV, medan Båtstrand blir uavhengig.

Foto: Håkon Benjaminsen

Melder seg ut

I vår varsla han at han ikkje tek attval. I dag fortel at han at også melder seg ut.

Dermed blir Båtstrand uavhengig representant i bystyret i Bergen fram til valet neste år.

– Eg ynskjer ikkje å utdjupe kvifor eg vel å melde meg ut no. Men eg er klar for å vere uavhengig og vil jobbe for grøn politikk det neste året. Eg vil halde meg til det programmet eg er valt inn på, seier Båstrand.

Kva han skal finne på når valperioden er over neste haust, veit han ikkje.

Sondre i tre

HØGT OPPE: Båtstrand har stått på for miljøsaker i Bergen. Her frå protestane mot fjerning av ei grøn lunge i Bergen sentrum, der Båtstrand klatra opp i eit tre.

Foto: Eivind A. Pettersen

Tre av fire vekke

For berre få år sidan såg det svært lyst ut for partiet fleire stader i landet. MDG gjorde eit kjempeval i 2015 og fekk fire representantar i bystyret i Bergen.

Men oppturen har ikkje kome utan veksesmerter. Usemje om strategiske val og kven ein skal samarbeide med, ser ut til å ha splitta partiet.

I vår melde bystyrerepresentantane Randi Amundsen og Diane Berbain overgang til SV.

Med Båtstrand si utmelding i dag, betyr det at tre av fire folkevalde MDG-politikarar i Bergen bystyre, ikkje lenger er medlemmar i partiet.

Øystein Bønes blir no einsam MDG-representant i bystyret.

I tillegg gjekk fylkespolitikar Tom Sverre Tomren til KrF i sommar. Saman med Båtstrand har han vore ein sentral skikkelse for å bygga opp partiet i Hordaland og i Bergen.

– Vi respekterer avgjerda til Båtstrand. No ser vi framover. Bergen MDG er i full gang med planlegging av valkampen, og har nominert ei rekkje med nye kandidatar, seier partisekretær Torkil Vederhus i ei pressemelding.