NRK Meny
Normal

Meiner kommunane har avgrensa spelerom

– Dei store reformene som er sett i gang dei siste åra, gir lite rom for lokale prioriteringar, seier rådmannen i Volda, Rune Sjurgard. Han er også leiar for rådmannsutvalet i Møre og Romsdal.

Rune Sjurgard

Volda-rådmannen føler på avgrensa spelerom.

Foto: Torger Havåg / NRK

Forslaget til statsbudsjett som regjeringa la fram i går, skal gi kommunane ein vekst i frie inntekter på 4,7 milliardar kroner, men Sjurgard meiner veksten er lik null.

– Kommunane har blitt aktør for samfunnsutvikling og ein tenesteleverandør for staten, der kommunen driv velferdsstaten, seier Sjurgard.

Han meiner velferdsytingane har kome i statlege reformer som er underfinansierte.

– Til dei mange store reformene har kommunesektoren bidratt med eigendelar i fleire tiår tilbake i tid, og når reformene er underfinansierte blir kommuneøkonomien låst, hevdar rådmannen i Volda.

Rune Sjurgard ved det nye rådhuset i Volda

Rune Sjurgard meiner kommuneøkonomien blir låst av underfinansierte reformer.

Foto: Arne Flatin / NRK

Han meiner det fører til at spelerommet til å drive kommunal politikk og kommunale prioriteringar er svært avgrensa.

– Dette går ut over det lokale sjølvstyret, og kommunane blir meir løparar for staten, seier Sjurgard.

Flere nyheter fra Møre og Romsdal