NRK Meny
Normal

Ønskte meir til bygging av grøne skip

Maritim Forum etterlyser større satsing på miljøvenleg skipsfart i framlegget til statsbudsjett. Dei er skuffa over mangel på finansieringsordningar i budsjettet.

Arnfinn Ingjerd

Arnfinn Ingjerd i Maritimt forum meiner nedgangstider bør brukast til å bygge nye, miljøvenlege fartøy.

Foto: Trond Vestre / NRK

Når næringa som står for ei verdiskaping på over 160 milliardar kroner i året slit, er det ei gyllen tid for å bygge skip som forureinar mindre, meiner Maritimt Forum Nordvest.

– Grøn satsing burde vise att i statsbudsjettet, og det er skuffande at det ikkje ligg an til eit eit slikt løft i forslaget frå regjeringa, seier dagleg leiar Arnfinn Ingjerd i Mairtimt Forum Nordvest.

Finansieringsordning må til

Han har heile den maritime klynga i ryggen når han etterlyser fleire tiltak for å få bygd både elektriske ferjer og andre farty med ny teknologi som kan gi mindre utslepp.

– Det vi saknar er ei skikkeleg finansieringsordning og nytte dei sjansane som ligg i omgrepet «grøn skipsfart». Ei slik ordning ville både vere eit miljøbidrag og eit bidrag til å skape aktivitet for verft og andre bedrifter gjennom bølgjedalen. Her synes vi regjeringa er tannlaus i forslaget til budsjett, seier Ingjerd

Han viser til at regjeringa sjølv har forplikta seg til målsetjinga om å skjere ned utsleppa med 40 prosent innan 2030.

– Skal dei nå måla, må maritim sektor ta ein vesentleg del av den utsleppreduksjonen, meiner Ingjerd.

"Ampere"

Den elektriske bilferja «Ampere» er eit døme på farty Maritimt Forum meiner næringa bør stimulerast til å bygge.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Vinn-vinn i nedgangstider

Den maritime næringa har lenge peikt på at ei fornying av ferjeflåten og kystfraktefartøya er naudsynt.

– Denne delen av skipsflåten har ein snittalder på 30 år, og behovet for fornying er stort, ifølgje Maritimt Forum og Arnfinn Ingjerd.

Forumet viser til at næringa no har ledig kapasitet, og at det vil vere ein vinn-vinn- situasjon for alle partar å satse på grøn skipsfart i åra framover..

– Dersom ein verkeleg satsa på grøn skipsfart, vil det kunne sikre arbeid for mange tusen, meiner Ingjerd.

Skryt for vrakpant

Maritim Forum er nøgd med mykje av budsjettframlegget elles. At regjeringa lanserer fleire tiltak for å behalde kompetansen i den maritim næringa, får honnør.

Også forslaget om å løyve 12 millionar til ei ordning med vrakpant kombinert med 28 millionar i innovasjonslån, blir ønskt velkome.

– Dette er bra, og dette skal regjerigna ha skryt for. Men vi saknar altså ei kraftigare satsing på grøn skipsfart, konkluderer Arnfinn Ingjerd.