Her forsvinn landets siste bemanna bomstasjon

Den manuelle bomstasjonen ved Atlanterhavstunnelen er historie. I dag blir det feira at tunnelen er gratis.

Markering av at Atlanterhavstunnelen er gratis

Geir Helge Knutsen frå Averøya blei den første som fekk køyre gjennom tunnelen gratis frå Averøy til Kristiansund.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Rivinga av bomstasjonen ved Atlanterhavstunnelen blei markert med norske flagg, fanfare og tog. Når det no blir gratis å køyre gjennom tunnelen, forsvann også landets siste bemanna bomstasjon.

– Dette er ein stor dag for alle oss som bur på Averøy. Det betyr store pengesummar spart kvart år både for innbyggjarane og næringslivet, seier Ingrid Ovidie Rangønes (Ap).

Moglegheitenes tunnel blei Atlanterhavstunnelen kalla då den opna i desember 2009, med over tusen menneske til stades. Endeleg skulle folk i øykommunen Averøy sleppe ferja til Kristiansund.

Ingrid Ovidie Rangønes (Ap) ved Atlanterhavstunnelen

Ordførar Ingrid Ovidie Rangønes jubla i dag.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / Marius André Jenssen Stenberg

Fjerna fem bomstasjonar

Det var Frp som fekk gjennom at denne bomstasjonen og fire andre no går inn i historiebøkene. Frp ville i utgangspunktet la bilistar køyre gratis gjennom alle bomstasjonar i sommar, men fekk ikkje gjennomslag. I staden blei dei samde med regjeringa om å fjerne fem bomstasjonar i landet. Stortingsrepresentant Sylvi Listhaug (Frp) gliste frå øyre til øyre i dag.

– Det kjennest fantastisk godt ut å ha fjerna denne bomstasjonen. Her er det familiar som har betalt opp mot 60.000 kroner i året i bompengar, seier Listhaug. Listhaug trur det blir mykje enklare å bruke kulturtilbod og naturen når tunnelen blir gratis.

Sylvi Listhaug markerer at Atlanterhavstunnelen er gratis.

Stortingsrepresentant Sylvi Listhaug (Frp) gliste frå øyre til øyre i dag.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / Marius André Jenssen Stenberg

Vemodig dag

Bomvakt Hilde Husby Gule delte ut blomster til den første betalande sjåføren gjennom tunnelen i 2009. Etter 11 år i billettluka er arbeidsplassen hennar nedlagt og for ho og dei andre tilsette er det vemodig.

– Det er ein spesiell dag. Vi har ein klump i magen alle saman, men vi må stå i det og aksepterte det, seier Gule.

Hilde Husby Gule i bomstasjonen på Atlanterhavstunnelen

Hilde Husby Gule har jobba i bomstasjonen sidan opninga i 2009. No er det slutt.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg

Ho hadde gledd seg til å ta i bruk eit nytt billetteringssystem då ho fekk beskjed om at det aldri skulle takast i bruk og at bomstasjonen i staden skulle leggast ned. Ho får no jobb ein annan stad i Securitas.

Frå bomstasjonen ser ho heim til Averøya. For befolkninga på Averøya betyr det mykje å kunne reise gratis til Kristiansund. Også for henne som privatperson.

– Det er ei gåvepakke til Nordmøre, seier Gule.