Historisk
Halv tolv i føremiddag kom den offisielle meldinga om at regjeringa går inn for at det skal byggjast undersjøisk tunnel mellom Averøy og Kristiansund- eit prosjekt som skal binde dei to kommunane tettare til kvarandre.
Samferdsleminister Liv Signe Navasete (Sp)
Åpnar 2008
Det skal byggjast 10 kilometer ny veg og ein 5,8 kilometer lang undersjøisk tunnel mellom Bremsnes og Kristiansund.
Vegbygginga startar i mai/juni neste år, medan tunnelbygginga skal starte i oktober 2006.Heile veganlegget skal åpnast seinhausten 2008.
635 millionar
Prislappen på fastlandssambandet er 635 millionar kroner og skal finansierast ved at Staten overfører ferjesubsidiane til tunellen, og at kommunane , fylkeskommunen og private bidreg. Med den nye tunellen vert det mogleg å køyre ferjefritt det ytre leia mellom Molde og Kristiansund- via Fræna- Eide-Atlanterhavsvegen og Averøy.
Turistmagnet
Tunnelen vil være med å styrke opplevinga til alle som ynskjer å få fleire turistar til Atlanterhavsvegen.Det vert enklare å reise utan ferjea som i dag går mellom Kristiansund og Bremsnes.
Styreleiar John Harry Kvalshaug er svært tilfreds med avgjerda i dag.