Hopp til innhold

Her har dei alpakkakjøt på menyen

Alpakkakjøt er kanskje ikkje noko som står på menyen hos folk flest. Men på Hakallastranda på Sunnmøre blir denne eksklusive retten servert i helga.

Alpakkakjøt er kanskje ikkje noko som står på menyen hos folk flest. Men på Hakallastranda på Sunnmøre blir denne eksklusive retten servert i helga.

I helga vert det mogleg å smake alpakkakjøt på Hakallastranda i Vanylven.

Nils-Henning Nesje

Nils-Henning Nesje vil samanlikne alpakkakjøtet med antilope.

Foto: Arne Flatin / NRK

Alpakkaen kjem frå Sør-Amerika og i mange tusen år har inka-indeanerane hatt alpakkakjøtet som ei viktig proteinkjelde. I 2004 kom dyret for første gong til Noreg.

Kastrerte hingstar

På Hakallegarden i Vanylven har dei hatt alpakka i sju år og sel ulla frå dyret. No prøver dei noko dei meiner er åleine om i heile landet. Nemleg alpakkakjøt. To kastrerte hingstar er slakta for å ende på tallerkenen.

– Desse hingstane kan ikkje brukast til avl, så no prøver vi ut alpakkakjøt, seier gardskjerring Aina Moldskred Krakset.

Smakar antilope

Nils-Henning Nesje er frilanskokk, og er den som står for dei eksotiske rettane på marknadsdagen i helga. Han vil samanlikne kjøtet frå alpakkaen med antilopekjøt.

For den aldri har smakt det heller, vil Nesje skildre kjøtet som ligg hjorteaktig.

– Alpakkakjøt er ganske eksklusivt. Det finst få dyr i landet og dei kostar mykje, seier Nesje.

Grunnen til at kjøtet er smakfullt er at dyret har elipseforma blodceller. Det gjer at det tar til seg mykje smak av det dyret sjølv et, på lik linje med rypa. Dermed smakar alpakka på Sunnmøre heilt forskjellig frå den i Sør-Amerika.

Laurdag vert det servert alpakkakjøtbollar og alpakkasuppe på Hakallegarden.