– Aasen-tunet skal vere målet for alle, og då gler vi oss stort over at Aasen-tunet no blir ein møtestad også mellom folk og slott, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum.
Olav og Märtha i 1933
På fødestaden til Ivar Aasen (1813–1896) har det vore museum sidan 1898, og dette er det eldste personmuseet i landet. Det er 75 år sidan sist kongelege gjesta Ivar Aasen-tunet. Sommaren 1933 var dåverande kronprins Olav og kronprinsesse Märtha innom på ei lengre reise på Nordvestlandet.
Programmet for opninga er førebels på tenkjestadiet. – Vi vil nok gjere noko som peikar framover og som viser at den nye utescena skal vere ein viktig arena for dei som enno har det meste ugjort. Så skal vi nok greie å bruke Aasen på uventa vis også, seier direktør Ottar Grepstad.
Gammal stemneplass
I uteamfiet i Ivar Aasen-tunet har det vore halde stemne sidan 1880-åra. Dette er ein av dei eldste stemneplassane i landet som framleis er i bruk. Etter det Ottar Grepstad kjenner til, blir Ivar Aasen-tunet no den einaste kulturinstitusjonen i Noreg med både arkiv, bibliotek, museum, konsertsal og uteamfi med moderne utescene.
– Den nye utescena kostar vel 2 millionar kroner, og er teikna av arkitektane Hille&Strandskogen. Desse var dei nærmaste medarbeidarane til Sverre Fehn under arbeidet med Ivar Aasen-tunet som blei opna i 2000, seier administrasjonssjef Magni Hjertenes Flyum som leier prosjektet. Den nye utescena blir også hovudarena for Dei Nynorske Festspela som opnar 25. juni.