Hopp til innhold

Kan redusere skredfaren frå Åkneset

ÅKNES (NRK): Katastrofefilmen Bølgen er ei påminning om det som kan skje når fjellet ein dag rasar ut. No ser geologane på måtar å redusere skredfaren.

Åkneset

SPREKK: Det er denne sprekka som er bakteppet til katastrofefilmen Bølgen. No seier geolog Lars Harald Blikra at dei kan redusere skredfaren.

Foto: Gunhild Sætre / NRK

Åkneset

Overvaking og varsling har vore hovudfokus sidan Åknes Tafjord beredskap blei etablert for over 10 år sidan.

Foto: Gunnhild Sætre / NRK

I det verkelege fjellet har det vore mindre rørsler det siste året enn tidlegare, sjølv om skredfaren er like stor.

– I prinsippet er vi budd på at skredet skal gå når som helst, seier geolog Lars Harald Blikra i NVE.

Men det er umogeleg, sjølv for ein geolog, å spå når raset faktisk kjem til å dundre nedover fjellsida.

Overvaking og varsling har vore hovudfokus sidan Åknes Tafjord beredskap blei etablert for over 10 år sidan. No er det også mogeleg til å redusere skredfaren ved å drenere grunnvatnet.

– Vi må vere sikre på at vi ikkje gjer vondt verre.

Ifølge geologen har det vore gjort andre stader i verda.

Skeptisk

Olje- og energiminister Tord Lien med geolog Kjell Jogerud

Onsdag var olje- og energiminister Tord Lien på besøk ved Åknes Tafjord beredskapssenter.

Foto: Gunhild Sætre / NRK

Olje- og energiminister Tord Lien var i dag på besøl ved Åknes Tafjord beredskapssenter på Stranda. Lien er den øverste politiske ansvarlege for virksomheten her. Men statsråden er skeptisk at det no må gis pengar for å avverge kjemperaset ved å drenere fjellet.

– Eg er klar over at NVE har jobba med å karlegge om drenering kan vere eit alternativ. men NVE seier også at dette er eit arbeid vi ikkje kan gå i gang med uten å vere heilt sikre på konsekvensane. Det er eg einig i, seier Lien.

Enorme krefter

Enorme fjellmassar er i bevegelse på Åknes på Sunnmøre. Scenariet med eit ras på opptil 54 millionar kubikkmeter stein, og flodbølgjene med ei oppskyllingshøgde på 85 meter, har inspirert til katastrofefilmen Bølgen.

– Når det skjer vil det få dramatiske konsekvensar, det veit vi. Og filmen viser i prinsippet eit realistisk scenario, sjølv om det er overdrive, seier Blikra.

I filmen har folk ti minutt på seg til å flykte, men overvåkigssystema som finst i fjellet vil gi langt betre sikring.

Den erfarne geologen fortel at når raset faktisk skjer – vil det ikkje vere på same måten som i filmen. Geologane som har ansvaret for Åknesrenna har mykje betre kontroll enn geologane i filmen.

Olje- og energiminister Tord Lien er den øverste politiske ansvarlige for virksomheten ved Åkneset. Men statsråden er likevel skeptisk til utspillet om at det nå må bevilges penger for å avverge kjemperaset ved å drenere fjellet.

Foto: Øyvind Sæbjørnsen.

Aktivt fjell

Det ustabile fjellet vert overvaka kontinuerleg både frå utsida og gjennom sensorar som går langt ned i djupet av fjellet. Sjølv om bevegelsane har vore mindre i år enn tidlegare, opplever geologane endringane på nært hald.

Det er absolutt aktivitet i fjellmassane, og for berre kort tid sidan såg Blikra steinsprang frå Åkneset.

– Det kom eit enormt smell, og ei steinblokk på 20 meter skalla av inne i sprekka. Røyken stod til vêrs, fortel han.

Når rasert kjem og kor stort det blir veit ingen, men at folk då er trykke,
er geologane sikre på.

– Det er fordi vi har såppas med måleinstrument.

Katastrofefilmen Bølgen er ein påminning om det som kan skje når fjellet ein dag rasar ut. No ser geologane på måtar å redusere skredfaren.

Foto: Remi Sagen.