Høgsterett vil ikkje behandle Kassembo-saka
Høgsterett vil ikkje behandle saka til Suel Kassembo.
Kassembo kom til Noreg frå Burundi for 20 år sidan og har budd på Sunnmøre sidan. Dei siste åra har han kjempa i retten for å få bli i landet. Han har tapt både i tingretten og lagmannsretten, men anka til Høgsterett. Sjølv hevdar han at han er frå Burundi, og er i livsfare om han blir sendt heim.
Ankeutvalet i Høgsterett seier nei til å behandle anken.
Dermed må Suel Kassembo ut av landet.
Sidan romjula i fjor har Kassembo vore i kyrkjeasyl i Herøy.